Sankt Georgs kapell
Sankt Georgs kapell er eit ortodoks kyrkjehus i Neiden i Sør-Varanger. Kapellet ligg på Skolteplassen, ein gammal sommarbuplass til skoltesamane, nedom Skoltefossen i Neidenelva. I fylgje tradisjonen skal det vere bygd i 1565 av den russiske munken og misjonæren Trifon, og innvigd 24. juni det året.[1] Kapellet er ein viktig heilagdom for skoltesamane, og er freda som samisk kulturminne.
Sankt Georgs kapell | |||
kapell | |||
Lengd | innvendig: 3,55 x 3,25 m m | ||
---|---|---|---|
Teknikk | Lafta | ||
Kyrkjegard | Rundt kapellet | ||
![]() Sankt Georgs kapell | |||
Wikimedia Commons: Sankt Georgs kapell, Neiden | |||
Sankt Georgs kapell er det minste sakralbygget i Noreg, med innvendige mål på 3,55 gonger 3,25 meter. Ytterdøra er berre 1,19 meter høg.
Årringsdatering har vist at tømmeret i kapellet ikkje er meir enn 200 år gammalt. Det er mogleg at det noverande bygget har erstatta eit eller fleire kapell i tilnærma same stil. Det kan også vere at opplysningar om St. Georgs kapell har vorte blanda saman med dei om eit kapell som har stått på vinterbuplassen til skoltesamane i Neiden. Av det er det berre tuftene att.
Utgravinga av kyrkjegardenEndra
Rundt kapellet ligg ein kyrkjegard som skal ha vore i bruk frå 1700-talet til litt ut på 1900-talet. I 1915 vart det gjort utgravingar på eldste delen av kyrkjegarden, og mange skjelett og kranium vart sende til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Der gjekk dei inn i De Schreinerske samlinger, og dei har sidan vorte lagra der. Etter krav frå Sametinget og slektningane vedtok Medisinsk Fakultet ved Universitetet i Oslo i februar 2008 at dei skal førast attende og gravleggjast att på kyrkjegarden ved Sankt Georgs kapell.[2] Anatomisk institutt hadde tidlegare motsett seg dette.[3]
ReferansarEndra
BakgrunnsstoffEndra
- NOU 1994:21 Bruk av land og vann i Finnmark i historisk perspektiv Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget: «Østsamene i Neiden»
- NIKU Rapport 11 - Terje Norsted: Ikonene i St. Georgs kapell, Neiden, Sør-Varnager kommune[daud lenkje]
- Arkitekturguide Nord-Norge og Svalbard: «St. Georgs greskortodokse kapell»
- Sankt Georgs kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren