Opna hovudmenyen

Den heilage Stefan, død omkring år 35 i Jerusalem, er ein kristen helgen rekna som ein protomartyr eller den første martyren i kristendommen. Han var etter Bibelen diakon. Festdagen hans er den 25. desember i armensk kristendom, 26. desember (2. juledag) i vestleg kristendom og 27. desember i austleg kristendom.

Heilage Stefan
Polittico del 1476, s. stefano.jpg
Namnkoiné-gresk ὁ πρωτομάρτυρος Στέφανος, ὁ Ἄγιος Στέφανος eller av og til enkelt ὁ Στέφανος og ὁ Ππρωτομάρτυρος, dvs. «den fyrste (kristne) martyren», latin Sanctus Stephanus
Føddca. år 5
Daudca. år 35
DødsstadJerusalem
Yrkediakon
Helgendag26. desember, 3. august

LivEndra

 
Stefan i Överselö kyrka.

Stefan eller Stefanos var den første kristne martyren og vert difor kalla protomartyr. Ifylgje Apostelgjerningane var han leiar for dei gresktalande medlemene av kyrkjelyden. Han vart dømd til døden ved steining av det jødiske rådet, og Saulus, den seinare Paulus, samtykte til steininga.[1]

Stefanos var den førte diakonen i kyrkja. Embetet vart innført for å avhjelpe apostlane med materielle tenester, som å dele ut mat til dei fattige.

Den heilage Stefan er vernehelgen for hestar, kuskar, stalledrengar, steinhoggarar, skreddarar, vevarar og tømmermenn.

I kalkmålingar og på altarskap i svenske kyrkjer er Stefan måla på kalkveggar og blir framstilt i diakondrakt med tre steinar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Farmer, David Hugh, The Oxford Dictionary of Saints. 3rd ed. Oxford: Oxford University Press 1992. ISBN 0-19-283069-4
The Book of Saints: A Dictionary of Servants of God. 6th ed. London: Cassell 1994. ISBN 0-304-34357-9

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra