Sanming (gul) i Fujian
Sanming

Sanming (kinesisk skrift 三明; pinyin Sānmíng) er eit byprefektur vest i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina, der det grensar mot provinsen Jiangxi. Byprefekturet har eit areal på 22 929 km² og 2 503 388 innbyggjarar i 2010.

Sanming ligg mellom fjellområda Wuyi Shan og Daiyun.

Byprefekturet Sanming omfattar to distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og ni fylke (县 xiàn).

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs er han innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong. Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

KjelderEndra