Sanniriya (arabisk صنّيريّه, hebraisk skrift סניריא) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement vest på Vestbreidda, sør for Qalqilya og 36 km sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 780 innbyggjarar i 2007.[2]

Sanniriya
صنّيريّه, סניריא
kommune
Namneopphav: Senirieh s.n.[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°07′42″N 35°02′49″E / 32.12833°N 35.04694°E / 32.12833; 35.04694
Folketal 2 780  (2007)
Grunnlagd 1300-talet
Kart
Sanniriya
32°07′42″N 35°02′49″E / 32.128333333333°N 35.046944444444°E / 32.128333333333; 35.046944444444
Wikimedia Commons: Sanniriya

Historie endre

Sanniriya vart grunnlagd på 1300-talet av Issa as-Saniri, ein heilag mann frå Syria, som er gravlagd i landsbyen.[3] På grunn av grava hans, vert det halde religiøse festivalar i landsbyen og den gamle moskéen vart bygd like ved på 1300-talet.

Osmansk tid endre

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skreiv at han låg på ei høgd med kring 700 innbyggjarar. Mange av husa verka nybygd, og berre somme cisterner verka gamle. På det høgaste punktet i landsbyen låg ein liten moské.[4] I The Survey of Western Palestine (1882) vart landsbyen (kalla «Senirieh») skildra som ein «liten steinlandsby, på ein rygg, omgjeve av oliven, og forsynt av cisterner[5]

Det britiske mandatet endre

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Sanniriya (kalla «Sainiriyeh») eit folketal på 529, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 (inkludert Khirbat Azztun) hadde 165 busette hus og eit folketal på 722, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Sanniriya 990 arabarar, medan det samla landarealet var 12 685 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 895 for plantasjar og irrigert land, 4 432 for korn,[9] medan 45 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Etter 1948 endre

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 var staden under Jordan sitt styre.

Sanniriya var ikkje involvert i seksdagarskrigen i 1967 mellom Israel og ein koalisjon av arabarstatar, som enda opp med at Israel okkuperte landsbyen og heile Vestbreidda. I 1969 deltok fleire innbyggjarar i eit slag mot israelske styrkar i Jordandalen. Mellom slutten av 1970-åra til 2000 vart dei israelske busetjingane Etz Efraim og Elkana bygd på landområda til Sanniriya. Under den første intifadaen som byrja i 1987, vart mange av innbyggjarane sette i fengsel for å ha delteke i opprør og to hus vart rivne ned. Etter den andre Intifada vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd nær Sanniriya.

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 241
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. Israeli troops invade Qalqiliya-area village Arkivert 2012-02-27 ved Wayback Machine.. Ma'an News Agency. 2009-08-26.
  4. Guérin, 1875, s. 175 ff
  5. Conder and Kichener, 1882, vol 2, s. 287
  6. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
  7. Mills, 1932, s. 64
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107.
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157.

Bakgrunnsstoff endre