Sansesystem

del av nervesystemet som handsamar sanseinformasjon

Sansesystem er ein del av nervesystemet som står for å handsama sanseinntrykk frå omverda. Eit sansesystem består av reseptorar, nervebanar, og dei delane av hjernen som er involvert in sanseoppfatning. Dei mest kjende sansesystema består av syn, høyrsle, kjensle, smak og luktesans. Enkelte dyreartar har også elektrosepsjon (å sansa elektriske felt) og magnetosepsjon (å sansa magnetfelt).

Reseptorar endre

Dei fleste dyreartar har ei lang rekkje ulike slag sanseceller som er nødvendige i oppgåvene med å fange opp stimuli og formidla opplysningane til nervesystemet. Dei ulike sansecellene kan delast inn i grupper ut ifrå kva slags stimuli (irritamenter) dei er mest kjenslevare for. Kvar gruppe reagerer best på bestemte stimuli: fotoreseptorar på ljosstimuli, mekanoreseptorar på mekaniske påverknader, kjemoreseptorar på bestemte kjemiske stoff og termoreseptorar på temperaturendringar. Den typen stimuli som mest effektivt aktiverer ein gjeven reseptor, vert kalla den adekvate stimulus.

For å fungera som reseptorar må sansecellene fanga opp energien i det irritamentet dei vert utsette for. Deretter må signalet omdannast til ei form som kan formidlast av nervesystemet. Desse prosessene vert kalla overføringsfunksjonen til sansecellene.

Sansecellene er spesifikke, dvs. at dei under normale tilhøve berre blir aktiverte av sin adekvate stimulus, og at deira signal vert formidla til bestemte område av hjernen. Dei informerer dessutan ikkje berre om den arten av stimuli me blir utsette for, men også om styrken eller intensiteten i stimulien.

Fleire av sanseorgana (t.d. muskelspolar) vert innerverte av eigne utadleiande nervefibrar. Desse nervefibrane påverkar kjenslevarleiken for stimuli i sansecellene, slik at ein viss stimulus i nokre tilfelle kan utløysa eit større eller mindre signal frå sansecellene. På denne måten kan hjernen styra kjenslevarleiken i sansecellene ut frå situasjonen. Ljosrefleksen i auga er eit døme på dette.

Adaptasjon endre

Adaptasjon inneber at ei sansecelle som vert utsett for vedvarande stimulus, vil reagera sterkt i byrjinga, og deretter i minkande grad med tida. Graden av adaptasjon varierer mykje for ulike sanseceller. Adaptasjon kan også finna stad i den sentrale handsaminga av signala frå sansecellene. Me kan t.d. høyra bakgrunnsstøy når me kjem inn i eit rom med moderat støy. Etter ei stund merkar me ikkje støyen lenger, om me ikkje særskilt rettar merksemda mot han.

Kjelder endre