Sant'Agnese fuori le mura

41°55′23″N 12°31′08″E / 41.92306°N 12.51889°E / 41.92306; 12.51889

Sant'Agnese fuori le Mura
kyrkje
Apsismosaikken med heilage Agnes, med pavane Honorius I og Symmachus på kvar side.
Land  Italia
Kyrkjesamfunn Den katolske kyrkja
Bispedøme Roma
Sokn Sant'Agnese fuori le Mura
Stad Roma
Innvigd 342 (seinare ombygd)
Kart
Sant'Agnese fuori le mura
41°55′23″N 12°31′08″E / 41.922917°N 12.518878°E / 41.922917; 12.518878
Wikimedia Commons: Sant'Agnese fuori le mura (Rome)

Sant'Agnese fuori le Mura ('Heilage Agnes utanfor murane') er ein tidlegkristen basilika som ligg nord i Roma. Kyrkja er vigd til den unge jomfrumartyren Agnes, og huser relikviane hennar. Ho er bygd over katakombane der Agnes opphavleg blei gravlagd. Kyrkja er kjend for mosaikken i apsisen, som blei laga på 630-talet.

Den første kyrkjebygningen på staden blei oppført på midten av 300-talet. Den noverande kyrkja blei bygd av pave Honorius I på 600-talet, og har i stor grad same struktur no som då. Kyrkja ligg Via di Sant'Agnese og Via Nomentana i Quartiere XVII Trieste nordaust i Roma. Ruinar av ein tidlegare basilika frå 300-talet, og kyrkjebygningen Santa Costanza, ligg like ved.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Tylenda, Joseph N.: The Pilgrim's Guide to Rome's Principal Churches, The Liturgical Press, Collegeville, Minnesota 1993 (engelsk). ISBN 0-8146-5016-3. OCLC 27066978. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sant'Agnese fuori le mura