Opna hovudmenyen
Santa Marta
Collage Santa Marta.jpg
Styresmakter
Land Colombia
Mayor Carlos Eduardo Caicedo Omar
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

55 km²
2394 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)

454 860
Koordinatar 11°14′31″N 74°12′19″WKoordinatar: 11°14′31″N 74°12′19″W
Høgd over havet 15 - 340 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 57 + 5
Nettstad: www.santamarta-magdalena.gov.co
Plassering
Colombia - Magdalena - Santa Marta.svg

Santa Marta er hovudstaden i Magdalena-departementet i Colombia og tredje største urbane senter i den karibiske regionen av Colombia, etter Barranquilla og Cartagena. Han blei stifta den 29. juli 1525 av den spanske conquistador Rodrigo de Bastidas, som første spanske busetjinga i Colombia, og er den eldste verna byen i landet. Døgnmiddeltemperaturen i området er ca. 28 °C.

SkildringEndra

Historie

På grunn av kombinasjonar av tropisk vêr, monalege nedbørsmengder, og øydelegging og feiltolking av mange nedskrivingar frå spanske conquistadorane, har vi berre ei avgrensa forståinga av samfunna i denne regionen før europearane kom.

Tairona-folket danna middels til store bustadsentra, med steinvegar, terrassar, verna farvatn, og tileigna plass for landbruksprodukt. Landbruket var det som først og fremst sytte for økonomien deira, med produkt som mais, ananas, yucca, og andre lokale matvarer. Tayrona var trudd å vere ganske avansert for sin tidsperiode. Overlevande arkeologiske stader syner terrassar og småskala steinkanalar under bakken. Dei var òg kjente for aktivt å samle inn og handsame salt, som var ein betydeleg handelsvare. Vi veit at dei handla med andre urfolksgrupper langs kysten og i innlandet. Arkeologiske utgravingar har gjenvunne monalege verk gjort i keramikk, murverk og gull.

Geografi

Santa Marta ligg i bukta i Santa Marta ved Det karibiske havet i Magdalena-departementet. Dette er 992 kilometer frå Bogotá og 93 kilometer frå Barranquilla. Byen er avgrensa mot nord og vest av Karibia og i sør av kommunane Aracataca og Ciénaga.

Infrastruktur

Santa Marta er ein viktig hamneby. Simón Bolívar International Airport ligg 16 kilometer frå bysenteret. Ein kan merke seg at den vidgjetne latinamerikanske helten, Simon Bolivar døydde her. Bustaden hans er kjent som 'La Quinta de San Pedro Alejandrino' og ligg like utanfor bysenteret. Sjølv om senteret for byen ligg ut mot havet, har byen hatt problem med å kontrollere byekspansjonen.

KjelderEndra

Referansar

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Santa Marta