Santamartaparakitt

art av papegøyefuglar
Santamartaparakitt
Santamartaparakitt
Santamartaparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Santamartaparakitt
Utbreiinga av Santamartaparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Pyrrhura
Art: Santamartaparakitt P. viridicata
Vitskapleg namn
Pyrrhura viridicata

Santamartaparakitt (Pyrrhura viridicata) er ein sterkt truga parakitt og han er endemisk for Sierra Nevada de Santa Marta, Colombia.

Skildring endre

Santamartaparakitten er ein 25 centimeter lang grøn parakitt. Han har eit breitt, ujamnt streka raudleg band tvers over buken, raud flekk i panna rett over nebbet, raudbrune øyredekkfjører, raudbrun underside av halen, kvit augering, raud til oransje fjører på skuldrene og primærdekkfjørene, og primærfjørene er i blått. Habitatet for santamartaparakitten ligg både i fuktig, høgtliggande skog og i meir opne område mellom 1800 og 2800 moh. Føda er blomar og frø. Det er elles berre lite tilgjengeleg informasjon om denne arten.

Det finst anslagsvis mellom 5 og 10 000 individ og populasjonen er minkande, for tida truga av framande treslag som blir planta ut innanfor utbreiingsområdet for arten.

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Santamartaparakitt