Matriarken Sara

(Omdirigert frå Sara, mor til Isak)

Sara eller Sarai er ein matriark i Den hebraiske bibelen.[1] Ho er omtalt i 1. Mosebok, som fortel at ho var kona til patriarken Abraham.[2] I høg alder blei ho mor til patriarken Isak.[3] Ho døydde i ein oppgjeven alder av 127 år «i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan».[4] Abraham kjøpte ein gravplass av hetittane som budde der, og ho blei gravlagd i det som er blitt kjend som Patriarkgrotta eller Makpela-hola.[5]

Skulptur av Sara frå Notre-Dame-kyrkja i Garaison, laga i 1635 av Pierre Affre.

Sara er den første av dei fire matriarkane i jødedommen. I jødisk tradisjon kan ho omtalast som Sarah Imeinu, 'Sarah mor vår'.[6]

Sara i bibelsoga endre

 
Abram’s Counsel to Sarai (akvarell ca. 1896–1902 av James Tissot)

Sara blir introdusert som Sarai, kona til Abram (Abraham), i kapittel 11 av Første Mosebok. Det blir ikkje opplyst kven foreldra hennar er, men det står at «Sarai var barnlaus, ho kunne ikkje få born.»[7] Heile familien dreg frå Ur i Kaldea med Kanaan som mål, men slår seg i staden ned i Harran.

Sara og Abraham i Egypt og Gerar endre

 
Kong Abimelek gjev Sara tilbake til ektemannen Abraham. Biletteppe av Frans Geubels frå ca. 1560-70.

Etter at far til Abram, Tarah, døyr, bryt han og familien opp og dreg til Kanaan.[8] På grunn av ei hungersnaud må Abram og Sarai dra til Egypt. Der ber Abram kona si, som er svært vakker, om å seia at ho er syster hans - «Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»[9] Sarai blir «henta til faraos hus», og Abram får ei mengd ulike dyr i gåve «for hennar skuld.»[10] Men farao og huset hans blir send store plager av Gud fordi han har Sarai, og når han finn ut at ho er kona til Abram sender han henne tilbake til han, og sender dei begge bort.[11] Abram er no blitt ein rik mann.[12]

 
Sara fører Hagar til Abraham. Måleri av Matthias Stom frå mellom 1637 og 1639.

Etter at ekteparet har levd mange år som barnlause gjev Sarai den egyptiske slavekvinna si Hagar som kone til Abram. Hagar blir svanger, og byrjar å sjå ned på Sarai. Då audmjukar Sarai henne slik at ho rømmer ut i ørkenen. Men ho blir møtt av ein engel som bed henne gå tilbake og «lat deg audmjuka under hennar hand».[13]

Då Abram er 99 år og Sarai rundt 90 får han eit syn der Gud tilbyr han ei pakt og lover han mange etterkomarar. Gud seier at det nye namnet hans skal vera Abraham og det nye namnet til Sarai skal vera Sara. Han seier at Sara vil få ein son om runt eit år, og seier om henne: «Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»[14]

Gud vitjar Abraham som person og fortel igjen at han og Sara vil få ein son. Sara høyrer dette «i teltopninga», og ler fordi ho meiner ho er for gammal til å få barn, ho «hadde det ikkje lenger på kvinners vis.»[15] Gud spør henne kvifor ho lo, og om noko er umogleg for Herren. Ho nektar for å ha ledd.[16]

Etter vitjinga slår Abraham og Sara seg ned i Gerar, der Abraham igjen seier at Sara er syster hans. Kong Abimelek hentar Sara til seg, men blir fortald av Gud i ein draum at han skal døy fordi han har teke kona til ein annan mann. Han har også «stengt kvart morsliv i huset til Abimelek på grunn av Sara.»[17] Kongen spør Abraham kvifor han «har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt».[18] Abraham forklarer at han var redd han kunne bli drepen på grunn av kona si, og i alle høve er det sant at ho er syster hans, for ho er «dotter til far min, men ikkje til mor mi.»[19] Kong Abimelek gjev dyr og folk til Abraham, og gjev han løyve til å slå seg ned kvar han vil i landet. Han seier til Sara at han gjev gåver og tusen sølvsjekel til Abraham for å gje henne oppreising.

I den bibelske soga seier Abraham to gonger at Sara er syster si - først i møte med faraoen av Egypt og seinare i møte med Abimelek, kongen i Gerar. Ei liknande forteljing blir fortald om sonen deira Isak og kona Rebekka, også denne med Abimelek i rolla som konge. Til Abimelek seier Abraham at Sara har same far som han, men ikkje same mor.[20]

Isak endre

 
Sara og Isak i eit glasmåleri i Maria Martental Wallfahrtskirche.

Endeleg får Abraham og Sara sonen Isak. Ved festen for avvenninga hans ser Sara sonen til Hagar, Ismael, som leikar. Ho får Abraham til å senda dei to vekk, for «son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.»[21]

Sara døyr 127 år gammal og blir gravlagd av Abraham i Patriarkgrotta, der også han sjølv og andre i familien seinare blir gravlagd. Dette er den første gravlegginga som er omtalt i Bibelen.[22]

Sara i rabbanittisk jødedom endre

 
Jødisk minnestad for Sara i Patriarkgrotta.

Talmud identifiserer Sara med Jiska, som er dotter av Haran og nemnd i samband med at Sarai blir introdusert i teksten. Dette gjer Sara til Abraham si niese, ikkje syster. Den jødiske kommentatoren Rashi forklarer at 'dotter' også kan visa til 'sonedotter', og dermed kan 'syster' brukast om ei niese. Han viser til at Abraham også omtalar nevøen sin Lot som bror.[23]

Midrasjen B'reshith Rabba frå 400-talet legg stor vekt på Sara.[24] Mange av overleveringane her er om matriarken, og ho blir også fleire gonger omtalt som ein personleg og religiøs modell til etterfølging. Dette er til skilnad frå litteraturen frå tida då Det andre tempelet fanst, der ho har ei mykje mindre rolle. Ifølgje B'reshith Rabbah var heimen til Sara alltid open for gjestar, deigen der auka underbart, eit lys brann frå fredag kveld til laurdag kveld, og ei skysøyle stod ved opninga til teltet hennar.[25]

Sara i farao sitt hus endre

Sefer haJasjar fortel at Sara sa at Abraham var bror hennar til farao, som då gav Abraham mange gåver og heidersteikn.[26] Pirkei De-Rabbi Eliezer fortel at han overgav alle eigedommane sine til henne som eit kjærleiksteikn, og gav henne landet Gosen som arveleg eigedom. Av denne grunnen budde israelittane seinare der.[27]

Sara ba til Gud om at han skulle redda henne frå kongen. Då sende han ein engel som slo farao kvar gong han prøvde å røra henne. Farao blei så overraska av desse slaga at han snakka mildt til Sara, som då medgav at ho var kona til Abraham. Kongen slutta då å prøva å røra henne.[26] I ein annan versjon fortsette farao å prøva seg etter at ho hadde fortald han at ho var ei gift kvinne. Då slo engelen han så hardt at han blei sjuk, og ikkje kunne prøva seg.[28] Ifølgje ein tradisjon gav farao dotter si Hagar som tenestekvinne til Sara etter at han hadde opplevd desse mirakla. Abimelek oppførte seg på same viset.[29]

Tilhøve til Hagar endre

Ifølge tradisjonanen behandla Sara Hagar godt, og fekk kvinner som kom for å vitja henne til å vitja Hagar òg. Då Hagar var blitt svanger med barnet til Abraham, byrja ho oppføra seg hovmodig mot Sara. Dette gjorde at Sara byrja å vera hard mot Hagar - ho gav henne hardt arbeid, og slo henne til og med.[30] Nokre meiner at Sara opphavleg var meint å bli 175 år gammal, men 48 år av livet hennar blei tekne frå henne fordi ho klaga på Abraham og gav han skulda for at Hagar ikkje lenger respekterte henne.[31] [32]

Sara var ufruktbar, men fekk barn etter at ho blei gjeve eit mirakel.[33] Ifølgje ei soge ville ikkje folk tru på at ho var blitt fertil og hadde fått sonen Isak. Dei sa at Abraham og kona hadde adoptert eit utsett barn og la det fram som sitt eige. Då inviterte Abraham alle høgtståande folk eit gilde på dagen då Isak skulle avvennast. Sara inviterte kvinnene også, som tok med seg småbarna sine. Ho gav mjølk til alle dei ukjende ungane, og overtydde slik gjestane om mirakelet.[34]

Død endre

Soger knyter Sara sitt endelikt med den planlagde ofringa av Isak.[35] Det finst to variantar av denne soga. I ei av dei kom engelen Samael til henne og sa: «Den gamle ektemannen din tok guten og ofra han. Guten gråt og ba, men kunne ikkje koma unna far sin.» Sara byrja å gråta bittert, og døydde til slutt av sorg.[36] Ifølgje ei anna soge kom Satan til Sara forkledd som ein gammal mann, og fortalde henne at Isak var blitt ofra. Sara trudde på han og gret bitterleg, men trøysta seg sjølv med at offeret var blitt gjort på ordre frå Gud. Ho la ut frå Beersheba til Hebron, og spurte alle ho møtte om dei visste kva veg Abraham hadde reist. Satan kom til henne igjen i menneskeform og fortalde henne at det ikkje var sant at Isak var blitt ofra, men at han levde og ville venda tilbake med faren. Då Sara fekk høyra dette døydde ho av glede ved Hebron. Abraham og Isak vende tilbake til heimen sin i Beersheba, men då dei ikkje fann Sara der drog dei til Hebron, der dei fann henne død.[37]

Sara i Det nye testamentet endre

Peters første brev prisar Sara som ein rollemodell for kvinner fordi ho «var lydig mot Abraham og kalla han herre.»[38][39] I Brevet til hebrearane blir ho prisa for trua si i lag med mange andre personar frå Det gamle testamentet.[40] I Paulus’ brev til galatarane blir soga om Sara (den frie kvinna) og Hagar (slavekvinna) nytta som allegori på den gamle og den nye pakta:

« Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri. Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine. Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor.[41] [...] Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.[42] »

Sara i islam endre

 
Mausoleum for Sara i Abraham-moskeen

Som kona til patriarken og profeten Abraham og mor til profeten Isak er Sara (arabisk سارة Sāra) ei ærerik kvinne i islam. Muslimsk tradisjon reknar henne som syskenbarn av Abraham, ikkje syster, fordi ho var dotter av Haran og ikkje Terah.[43]

Koranen nemner ikkje Sara ved namn, men fortel om omstenda kring fødselen til Isak. Ho levde med Abraham heile livet, og sjølv om ho var ufruktbar, lova Gud henne at ho skulle føda ein profetisk son, Isak. Abraham bad stadig til Gud om eit barn. Sidan Sara var ufruktbar gav ho den egyptiske tenestekvinna si,[44] Hājar (Hagar), som andrekone. Hagar fekk sonen Ismā'īl (Ismael), som skulle bli ein Guds profet slik som far sin. Sendebod frå Gud fortalde til Abraham at ufruktbare Sara skulle føda den andre sonen hans, Isak, som også skulle bli ein profet for Herren. Koranen fortel at Sara lo då englane gav henne dei gode nyheitene om Isak.

«

There came Our messengers to Abraham with glad tidings. They said, 'Peace!' He answered, 'Peace!' and hastened to entertain them with a roasted calf.
But when he saw their hands went not towards the (meal), he felt some mistrust of them, and conceived a fear of them. They said: "Fear not: We have been sent against the people of Lut.
And his wife was standing (there), and she laughed: But we gave her glad tidings of Isaac, and after him, of Jacob.
She said: "Alas for me! shall I bear a child, seeing I am an old woman, and my husband here is an old man? That would indeed be a wonderful thing!"

»

—Koranen, Sure 11 (Hud), ayat 69-72[45]

Nyare verk og analysar endre

Sara opptrer i mange moderne romanar. Ho er hovudperson i Sarah i The Women of Genesis-serien av Orson Scott Card, Sarai: A Novel av Jill Eileen Smith, Sarah: A Novel av Marek Halter og Song of Sarai av Zannah Martin. I filmen Abraham frå 1994 blir Sara spelt av Barbara Hershey.

Sara er omtalt i multimedia-operaen The Cave (1993) av Steve Reich og Beryl Korot. Videokunstnaren Korot har også lag eit verk kalla Sarai, Abram’s Wife (1990).

Sara er også omtalt i sakprosa som Twelve Extraordinary Women av pastor John F. MacArthur (saman med Eva, Rahab, Rut, Hanna, Jomfru Maria, Anna, den samaritanske kvinna ved brønnen, Maria frå Betania, Marta, Maria Magdalena og Lydia av Thyatira)[46] og i Slightly Bad Girls of the Bible: Flawed Women Loved by a Flawless God av Liz Curtis Higgs, i lag med ei rekkje andre bibelske kvinner.[47]

Sara si grav endre

Sara sin gravstad er rekna å vera i Patriarkgrotta, kjend blant muslimar som 'Heilagdommen til Abraham'. Denne staden ligg i den gamle byen Hebron, og er den nest heilagaste staden for jødar (etter Tempelhøgda i Jerusalem), og har også ei viktig rolle for kristne og muslimar. Begge desse sistnemnde gruppene har tradisjonar som seier at tre bibelske par er gravlagde der: Abraham og Sarah, Isak og Rebekka og Jakob og Lea.[48]

Kjelder endre

  1. «Sara – bibelsk person». Store norske leksikon (på norsk). 17. september 2018. 
  2. 1 Mos 11,29; 20,12
  3. 1 Mos 21,1–7
  4. 1 Mos 23,2 i Bibelen 2011
  5. 1 Mos 23,1-20
  6. «Sarah of the Bible: The First Matriarch», www.chabad.org (på engelsk), henta 20. juni 2019 
  7. 1 Mos 11,30, Bibelen 2011
  8. 1 Mos 12
  9. 1 Mos 12,13, Bibelen 2011
  10. 1 Mos 12,15-16, Bibelen 2011
  11. 1 Mos 12,17-20
  12. 1 Mos 13,2
  13. 1 Mos 16,9
  14. 1 Mos 17,9, Bibelen 2011
  15. 1 Mos 18,11, Bibelen 2011]
  16. 1 Mos 18,14-15
  17. 1 Mos 20,18, Bibelen 2011
  18. 1 Mos 20,9, Bibelen 2011
  19. 1 Mos 20,12, Bibelen 2011
  20. Alexander, T. D. (1992). «Are the Wife/Sister Incidents of Genesis Literary Compositional Variants?». Vetus Testamentum 42 (2): 145–153. JSTOR 1519495. doi:10.2307/1519495. 
  21. 1 Mos 21,10, Bibelen 2011
  22. «Burial» i Easton's Bible Dictionary (1897)
  23. Rashi on Genesis 20:12
  24. Schwartz, Rami. «The Blessed Mother Sarah: The Figure of Sarah in Genesis Rabbah in Light of Christian Exegesis and the Rise of the Virgin Mary» (på engelsk). 
  25. B'reshith Rabbah 60:15
  26. 26,0 26,1 Sefer haJasjar, seksjonen «Lek Leka».
  27. Pirkei De-Rabbi Eliezer 36
  28. B'reshith 41:2
  29. B'reshith Rabbah 45:2
  30. B'reshith Rabbah 45:9.
  31. Rosj hasjanah-traktaten 16b
  32. B'reshith Rabbah 45:7.
  33. B'reshith Rabbah 47:3
  34. Bava Metzia 87a; jamfør B'reshith Rabbah 53:13
  35. B'reshith Rabbah 58:5
  36. Pirkei De-Rabbi Eliezer 32
  37. Sefer haJassar, seksjonen «Vayera».
  38. 1 Pet 3,6 i Bibelen 2011
  39. 1 Pet 3,6, sitert i Herbermann, Charles, red. (1913). «Sara». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company.
  40. Hebr 11,9
  41. Gal 4,24-26
  42. Gal 4,31 Bibelen 2011.
  43. Arastu, Shaykh Rizwan (2014). God and his Emissaries - Adam to Jesus. Imam Mahdi Association of Marjaeya (I.M.A.M.). s. 227. ISBN 97 8-0-6 92-21411-4. Arkivert frå originalen 22. juni 2019. Henta 22. juni 2019. 
  44. Lings, Martin (1983). «The House of God». Muhammad: His Life Based on the Earliest Sources. Islamic Texts Society. ISBN 978-0042970509. 
  45. Koranen 11:69–72. Engelsk omsetjing av Abdullah Yusuf Ali.
  46. Twelve Extraordinary Women: How God Shaped Women of the Bible, and What He Wants to Do with You (2008) ISBN 1-4002-8028-1
  47. Higgs, Liz, Slightly Bad Girls of the Bible: Flawed Women Loved by a Flawless God. 978-1400072125
  48. «Machpelah» i Easton's Bible Dictionary (1897)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Matriarken Sara