Sarah Thonig

tysk skodespelar

Sarah Agrippine Thonig[1] (fødd 16. februar 1992) er ein tysk skodespelar.

Sarah Thonig
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. februar 1992 (32 år)
München
Yrke teaterskodespelar, filmskodespelar
Språk tysk
Nettstad http://sarahthonig.de/

Liv endre

Thonig spelte først skodespel på skoleteater og deltok etter kvart i amatørteateroppsettinga ved teateret i Dachau, i tillegg til at ho deltok på diverse dramaworkshoppar. Da ho var med i amatørteater arbeida ho med eit teaterprosjekt med handicappa og var med i fleire teaterspel ved Ludwig-Thoma-Haus i Dachau. I sommeren i 2011 gjekk ho på teater-sommarakademiet Schauspiel München.[2]

Etter at Thonig fekk vitnemålet sitt etter å ha fullført abitureksamen, blei ho mellom 2011 og 2014 medlem av ensemblet ved Residenztheater i München. Der spelte ho to hovudroller, Ingrid i Rainer Werner Fassbinder sitt spel Katzelmacher og Lou i DNA av Dennis Kelly.[2] Thonig var også ein del av ensemblet til Frühlingserwachen - Live almost, die young, som er ein moderne versjon av Frühlings Erwachen, som vart skapt av Nuran David Calis.[2]

I 2003 starta skodespelarkarrieren hennar i film.[2] Frå 2012 dukka ho opp igjen på TV og i film.[2] Frå 2015 spelte Thonig ei permanent rolle i TV-serien Die Rosenheim-Cops.[3] Der speler ho Christin Lange, ein av to resepsjonistar i Rosenheims politidepartement, saman med Ursula Maria Burkhart, som speler medresepsjonisten hennar Marianne Grasegger.

Filmografi endre

TV-seriar endre

  • Salzburger Land (2014)
  • Heiraten macht mich nervös (2005)
  • Dahoam is Dahoam (2012)
  • Lebenslänglich Mord (2012, Die kleine Königin)
  • Hotel 13 (2014, 49 episodar som hovedpersonen Liv Sonntag)
  • Aktenzeichen XY … ungelöst (2014)
  • Alles was zählt (2014, gjesterolle som Susi Carstens)
  • Sturm der Liebe (2015, gjesterolle som Becky McPherson)
  • Der Alte (2015, Die Puppenspieler)
  • Die Rosenheim-Cops (siden 2015)
  • Wilsberg (2017, gjesterolle i Die fünfte Gewalt)

Teaterspel endre

  • Katzelmacher (2012, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)
  • DNA (2013, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)
  • Frühlingserwachen – Live fast, die young (2014, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Sarah Thonig bei Hotel 13». Starflash.de. Henta 13. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Sarah Thonig - Schauspielerin». www.schauspielervideos.de (på tysk). Henta 13. mars 2017. 
  3. «Rosenheim-Cops: Sarah Thonig (23) wirbelt als Cheerleaderin». BILD.de (på tysk). Henta 13. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre