Saudehornet rett opp

Saudehornet rett opp er eit motbakkeløp som har vore arrangert årleg sidan 2003 i Ørsta kommune.

Saudehornet og Ørsta sentrum.
Foto: Andreas Vartdal

Løpet startar ved småbåthamna i Ørsta og endar på toppen av Saudehornet (1303 moh.). 2006-utgåva av løpet hadde status som Noregsmeisterskap.

Jon Tvedt er framleis rekordhaldar i 2011, etter at han sprang opp på 47,59 i 2007. Han har fleire sigrar både i dette løpet og i andre store løp i heile landet.

Løpet er ein del av Naturfestivalen som blir arrangert kvart einaste år i Ørsta, den inneheld mange aktivitetar for både born og vaksne.

Vinnarar

endre
År Vinnar, menn Tid Vinnar, kvinner Tid
2011 Øyvind Sylta 52:21 Kjersti Karoline Danielsen 1:02:13
2010 John Sompol 49:53 Therese Sjursen 1:07:34
2009 John Sompol 48:55 Tuva Toftdahl 1:02:00
2008 Jon Tvedt 49:56 Anita Håkenstad Evertsen 1:00:40
2007 Jon Tvedt 47:59 Anita Håkenstad Evertsen 58:40
2006 Jon Tvedt 48:53 Anita Håkenstad Evertsen 56:37
2005 Arve Rindal 53:50 Anita Håkenstad Evertsen 55:52
2004 Øyvind Sandbakk 52:56 Linda Renate Innselset 57:43
2003 Ola Hovdenak 52:52 Vendel Snipsøyr 1:15:58

Bakgrunnsstoff

endre