Sauebrevet (færøysk Seyðabrævið, dansk Fårebrevet) frå 24. juni 1298 er det eldste dokumentet til Færøyane. Dokumentet omhandlar reglar for landbruket på Færøyane. Brevet er skrive på norrønt, sannsynlegvis av biskop Erlendur av Færøyane.

Ei side av Sauebrevet

Sauebrevet er eit supplement til den norske gulatingslova frå 1274. Det eksisterer i dag to avskrifter av Sauebrevet, den eine er i nasjonalarkivet i Tórshavn, og den andre på Universitetsbiblioteket i Lund i Sverige.

Sauebrevet er ei viktig kjelde for å forstå samfunnet på Færøyane i mellomalderen, spesielt betalingssystema. Mange av reglane i Sauebrevet har vore gjeldande heilt opp til moderne tid. I motsetning til Færingesoga som vart skriven på Island, er Sauebrevet sannsynlegvis skrive på Færøyane. Språket i brevet har særdrag som syner at det oldfærøyske språket alt i høgmellomalderen skilde seg litt frå det gammalnorske med særfærøyske omgrep.

Lovinnhaldet endre

Paragrafane i Sauebrevet omhandlar

  1. Reglar om at saueeigaren skal prove eigarskapen før slakting
  2. Om å gå på framand mark
  3. Om ein sau er på framand mark
  4. Om korleis ein tem ville sauer
  5. Om å merkje sauene. Presisering av at endring av den første merkinga er rekna som tjuveri.
  6. Om aggressive gjetarhundar, erstatningsplikt og om talet på sauer på ei mark
  7. Om kor lang fristen er ved ei åtvaring frå styremaktene
  8. Om plikta til å melde inntrenging på framand mark
  9. Om å temje ville sauer – andre del
  10. Om å forpakte land
  11. Om uønskte gjester og fattiges rett
  12. Om vitne
  13. Om bevertningsutgifter
  14. Om etablering og busetjingsrett
  15. Om fordeling av kvalkjøtt
  16. Om drivgods

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sauebrevet