Scenografi

(Omdirigert frå Scenedekorasjon)

Scenografi er kunsten å setja i scene drama gjennom synlege og høyrbare verkemiddel. Ein bruker scenografi til å forklare aspekt som tid og rom og til å underbyggje og forsterke handling i mellom anna teater og film. Ein scenograf er ansvarleg for heile scenebildet gjennom heile det dramatiske forløpet i ei framsyning eller eit filma verk.

Del av scenografien for operaførestillinga Tryllefløyten frå 1815.

Scenografi dekkjer i dag alle område frå spelerommet til kostyme og sminke. Scenografen arbeider med alle faggrupper i teateret, både kunstnerisk og teknisk. I film blir som regel scenografiansvarleg kalla produksjonsdesignar.

Ordet «scenografi» er av gresk opphav. Skene var bygningen bak orchestron, speleplassen. Grafi er kunsten å framstilla og å beskriva. Scenografi var opphavleg dekorasjon av denne scenebygninga for å forklara tid og stad i handlinga.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Scenografi
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.