Schelde

(Omdirigert frå Scheldt)

Schelde (nederlandsk Schelde, fransk Escaut) er ei 350 km lang elv som renn frå nordlege delar av Frankrike via vestlege område av Belgia og inn sørvestlege delar av Nederland

Schelde
elv
Schelde i Antwerpen
Land  Frankrike,  Belgia  Nederland
Nedslagsfelt 21 860 km²
Renn gjennom Gent, Antwerpen
Sideelvar Lys
Lengd 350 km
Middelvassføring 120 /s
Kjelde Gouy i Frankrike
 - høgd 95 moh.
Munning Westerschelde
Kart
Schelde
49°59′11″ N 3°15′59″ E
Wikimedia Commons: Scheldt

Geografi endre

Schelde har utspring i Gouy i Aisne departmentet, nord i Frankrike. Ho renn nordover gjennom Cambrai og Valenciennes, og går inn i Belgia nær Tournai. I Gent, der ho møter elva Lys, den største sideelva hennar, snur Schelde austover. Nær Antwerpen, den største byen ho renn gjennom, flyt Schelde vestover og inn i Nederland mot Nordsjøen.

Opphavleg var det to greiner vidare frå dette punktet: Oosterschelde (aust) og Westerschelde (vest), men på 1800-talet vart elva avkutta frå den austlege (eigentleg nordlege) delen av ei dike som knyter saman Zuid-Beveland med fastlandet (Nord-Brabant). I dag går derfor elva berre inn i Westerschelde, og passerer Terneuzen på veg mot Nordsjøen mellom Breskens i Zeeuws-Vlaanderen og Vlissingen ved Walcheren.

Schelde er ein viktig vassveg, og ein har gjort ho framkomeleg frå munningen og opp til Cambrai. Fleire kanalar (inkludert Albertkanalen) knyter Schelde saman med vassvegane rundt Rhinen, Maas og Seinen, og med industriområda rundt Brussel, Liège, Lille, Dunkerque og Mons.

Schelde renn gjennom følgjande franske departement, belgiske provinsar, nederlandske provinsar, byar og landsbyar:

 
Pont des Trous over Schelde i Tournai.

Historie endre

 
Satellittbilete av Scheldt-deltaet

Schelde si elvemunning har alltid vore kommersielt og strategisk viktig. I romartida var ho ein viktig del av handelsvegen til Britannia. Frankarane tok kontroll over området rundt 260 og var ei tid piratar langs handelsruta. Seinare vart dei allierte med romarane. Med forskjellige inndelingar av Frankarriket800-talet vart Schelde etter kvart grensa mellom det vestlege og det austlege riket, seinare kalla Frankrike og Det heilage romerske riket.

Grensa heldt seg slik — i alle fall på papiret — til 1528, sjølv om både Flandern på venstre sida og Zeeland og Brabant til høgre på denne tida begge var ein del av Habsburg. Antwerpen var den mest framståande hamna i Vest-Europa. Etter at byen kom under spansk kontroll i 1585 tok Dei sameinte Nederlanda kontroll over Zeeuws-Vlaanderen, ei stripe med land på venstre sida av Schelde, og stengde elva for transport. Dette gjorde at handelssenteret flytta seg til Amsterdam.

Under Den franske revolusjonen vart elva i 1792 opna igjen, og så snart Belgia i 1830 erklærte seg uavhengig frå Nederland sørgde Scheldttraktaten for at elva vart verande open for skip som skulle til dei belgiske hamnene.

Under Den andre verdskrigen vart området rundt munningen igjen eit omtvista område. Trass i at dei Allierte hadde kontroll over Antwerpen, okkuperte tyske styrkar i september 1944 likevel erobra posisjonar langs Schelde i vest og nord, slik at dei allierte skipa ikkje kom inn til hamna. I Slaget om Schelde slo den kanadiske hæren tyskarane tilbake, og forsyningskonvoiane fekk direkte tilgang til hamna i Antwerpen i november 1944.

Sideelvar endre

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre