Scillyøyane, i norrøne soger Syllingane (engelsk Isles of Scilly, kornisk Ynysek Syllan), er ei øygruppe utanfor sørvestenden av Cornwall i Storbritannia. Tradisjonelt har dei vore ein del av grevskapet Cornwall, men øyane har sidan 1890 vore ei sameint styresmakt.

Isles of Scilly
Ynysek Syllan
Satellittbilete av Sicllyøyane
Satellittbilete av Sicllyøyane
Geografi
Stad Atlanterhavet, 45 km utanfor England
Koordinatar 49°56′10″N 6°19′22″W / 49.93611°N 6.32278°W / 49.93611; -6.32278

Tal på øyar 5 busette, 140 andre
Store øyar St Mary's, Tresco, St Martins, Bryher, St Agnes
Areal 16,03 km²

Administrasjon
Land England
Største busetnad Hugh Town (1068 innb.)

Demografi
Folketal 2100 (2008)
Folketettleik 131 /km²

Øyane har status som Area of Outstanding Natural Beauty (særskild vakkert naturområde).

Geografi

endre

Isles of Scilly er ei øygruppe med fem busette øya rog mange mindre øyar (rundt 140 totalt) som ligg 45 km frå Land's End. Dei består av granitt frå seint i karbontida. Dei største øyane er:

Øy Folketal
(2001)
Areal (km²) Største busetnad
St Mary's 1666 6,29 Hugh Town
Tresco 180 2,97 New Grimsby
St Martin's (med White Island) 142 2,37 Higher Town
St Agnes (med Gugh) 73 1,48 Saint Agnes
Bryher (med Gweal) 92 1,32 Bryher
Samson -(1) 0,38  
Annet - 0,21  
St Helen's - 0,20  
Teän - 0,16  
Great Ganilly - 0,13  
45 småøyar - 0,50  
Isles of Scilly 2153 16,03 Hugh Town

(1) busett fram til 1855

Det milde klimaet her gjer at dei lokale bøndene gror mykje blomar, mellom anna påskeliljer. Om vinteren vert øyane stundom råka av kraftig vind frå Atlanteren. Dette kan ein sjå igjen i landskapet, som hovudsakleg består av nakne berg og lyngheie ut mot havet.

Historie

endre
 
St Martin's sett frå lufta
 
Tresco, ei av dei fem busett øyane

Øyane har vore busett sidan steinalderen. Innbyggjarar har alltid levd av det dei kunne dyrke og fiske. Sjølv om jordbruk og fiske framleis er viktig i dag, er turisme no den største inntektskjelda.

I 1651, under den engelske borgarkrigen, vart øyane erobra av parlamentarianarane under admiral Robert Blake.

På 1800-talet hadde øyane si stordomstid. Strendene som i dag vert vitja av turistar vart då nytta til skipsbygging, og hamnene var fulle av fiskebåtar og handelsskip.

Ein gammal tradisjon som vert halde i hevd er kapproing mellom dei fem øyane med raske båtar – «gigs», med 6 eller 7 mann om bord. Det vert sagt at tradisjonen stammer frå kappløpa om å komme først fram til skipsvrak for å redde lasten.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Isles of Scilly frå Wikivoyage