Scott Hansen-øyane

Scott Hansen-øyane (russisk Острова Скотт-Гансена, Ostrova Skott-Gansena) er ei gruppe på tre små øyar i Karahavet i Russland. Dei er dekte av tundravegetasjon og ligg om lag 20 km frå enden av Mikhailovhalvøya på kysten av Sibir.

Scott Hansen-øyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Scott Hansen-øyane
75°19′00″N 86°15′00″E / 75.316666666667°N 86.25°E / 75.316666666667; 86.25
Wikimedia Commons: Scott Hansen Islands
Plasseringa til Scott Hansen-øyane i Karahavet.

Den vestlegaste øya er større enn dei to andre, men likevel berre om lag 3 km lang. Dei forskjellige øyane har ikkje eigne namn på fleste kart og vert derfor omtalt som ei gruppe. Havet omkring øyane er dekt av pakkis med noko polynja om vinteren. Det er òg mykje isfjell om sommaren.

Scott Hansen-øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øygruppa er kalla opp etter Sigurd Scott Hansen, ein norsk løytnant som hadde ansvar for astronomiske og meteorologiske observasjonar under Framekspedisjonen til Fridtjof Nansen i 1893.[1][2] På mange kart står namnet oppført som Scott-Gansen-øyane, som er ein transkripsjon av det russiske namnet på øyane.

Kjelder endre

  1. «The First Fram Expedition (1893-1896)». The Fram Museum. Henta 1. mai 2017. 
  2. «Sigurd Scott-Hansen». Store norske leksikon. Henta 1. mai 2017. 

Sjå òg endre

75°19′N 86°15′E / 75.317°N 86.250°E / 75.317; 86.250