Sde Nehemia
Sde Nehemia (hebraisk skrift שְׂדֵה נְחֶמְיָה, tyder Nehemiasletta) er ein liten kibbutz i Øvre Galilea i Israel. Han høyrer til Øvre Galilea regionale kommune og hadde i 2006 429 innbyggjarar. Jordanelva spring ut i området til kibbutzen, der elvane Banias og Hasbani renn saman.
Sde Nehemia | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1940 | ||
- Grunnlagd av | Austerrikske og nederlandske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Sde Nehemia | |||
Wikimedia Commons: Sde Nehemia | |||
Historie Endra
Sde Nehemia vart grunnlagd i 1940 av immigrantar frå Austerrike og Nederland på landområde kjøpt frå den arabiske landsbyen al-Dawwara. Han vart kalla opp etter den nederlandske sionistaktivisten Nehemia De Lieme.[1]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Sde Nehemia» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Nehemia de Lieme", http://socialhistory.org/en/about/lieme
Bakgrunnsstoff Endra
- A site of former volunteers Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine.