Sedan i Frankrike

Sedan er ein by og kommune nordaust i Frankrike i departementet Ardennes der han er sous-préfecture.

Sedan
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Ardennes
Geografi
Flatevidd 16,28 km²
Flatevidd
 - By

16,28 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

20 548
  1 262/km²
Koordinatar 49°42′N 04°56′E / 49.700°N 4.933°E / 49.700; 4.933
Høgd over havet 157 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 08200
Heimeside: http://www.sedan.fr
Nettstad: www.sedan.fr

Det historiske sentrumet er bygd på ei halvøy danna av ein sving i elva Meuse. Byen var lenge eit senter for klesproduksjon, starta av Kardinal Mazarin, noko som støtta opp om utviklinga av byen.

Historie endre

På 1500-talet var Sedan eit asyl for protestantiske flyktningar under Hugenottkrigen.

Fram til 1651 høyrte fyrstedømet Sedan til familien La Tour d'Auvergne. Den mest vidkjende av desse var Marskalk Turenne, fødd i Sedan 11. september 1611.

2. september 1870 under den fransk-prøyssiske krigen vart den franske keisaren Napoleon III tatt til fange i lag med 100 000 av soldatane sine under Slaget ved Sedan. Den store sigeren, som gjorde det «andre Reich» i Tyskland mogeleg, førte til at 2. september vart erklært «Sedandag» (Sedantag) og ein nasjonal tysk heilagdag i 1871, noko han var fram til 1919.

Under den andre verdskrigen invaderte tyske troppar først det nøytrale Belgia og kryssa elva Meuse i Sedan. Dette gjorde at dei kom seg forbi dei franske festningsverka kalla Maginotlinja.

Borg endre

 
Borga i Sedan

I dag er Sedan kjend for borga si, som visstnok skal vere den største borga frå mellomalderen i Europa med ei totalt flatevidd på 30 000 m² fordelt på sju nivå. Det er det einaste som er igjen av det ein gong enorme festningsverket i og rundt byen. Bygginga byrja i 1424 og festningsverka vart stadig utbetra etter kvart.

Bakgrunnsstoff endre