Seglbåt er ein båt som hovudsakleg vert driven fram av den krafta vinden har på eit eller fleire segl festa til loddrette master på båten, og med ein markert kjøl (ei loddrett og ofte tung plate under båten) for å motverke dei uønskte sidekreftene som vinden har på båten som fylgje av segla. Seglbåtar er mindre enn seglskip, og kan i storleik vere alt frå små joller til store havgåande båtar.

To seglbåtar i regattaen Gotland rundt i 2012.

Seglbåtar er i dag fyrst og fremst bygd for konkurransar (regattaer) og/eller for fritidsbruk. Ofte er dei utstyrte med hjelpemotor til framdrift når det er vindstille og til hjelp ved navigering i tronge farvatn.

Seglbåtar kan byggjast som katamaranar, det vil seie at dei har to parallelle skrog bygd saman ved hjelp av dekket på fartøyet, der masta er plassert. Jamvel båtar med tre skrog finst, såkalla trimaranar.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Seglbåt