Sekken kyrkje
Sekken kyrkje (tidlegare Sekken kapell) er ei langkyrkje på øya Sekken i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er soknekyrkje for Sekken sokn i Molde domprosti i Møre bispedøme.
Sekken kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Øystein Eik | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Molde domprosti | ||
Sokn | Sekken | ||
Fellesråd | Molde | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Havnæs og Knut Flåthe | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 28. oktober 1908 | ||
Tårn | I sørvest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Klokker | Frå Veøy gamle kyrkje | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | Knut Flåthe (1908) | ||
Døypefont | Ole Havnæs (1908) | ||
Altartavle | «Kristi fødsel» av Maria Vigeland | ||
Orgel | Vestre orgelfabrikk (1987) | ||
Sitjeplassar | 130 | ||
![]() Sekken kyrkje 62°39′38″N 7°22′56″E / 62.6606°N 7.3822°E | |||
Wikimedia Commons: Sekken kirke |
Kyrkja vart bygd i 1908 og er i sveitserstil. Ho har 130 sitjeplassar.[1] Arkitektane var Ole Havnæs og Knut Flåthe.
Kyrkja vart pussa opp i forkant av 100-årsminnet, mellom anna med utvendig måling. Arbeidet vart gjort på dugnad. Jubileet vart markert med ein jubileumsfest 26. oktober 2009.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Bilete
endre-
Frå markeringa av 100-årsjubileet i 2009. Biskop Ingeborg Midttømme på preikestolen.
-
Frå aust
-
Frå vest
Fotnotar
endre- ↑ Kyrkjesøk
Kjelder
endre- Alf Henry Rasmussen (1993). «Sekken kapell». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 312. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Sekken kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Sekken kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren