Sekretær i styre

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sekretær (fleirtyding).

Sekretær i eit styre, for eit lag, ein klubb, ei foreining eller ein organisasjon er den i styret som vanlegvis har ansvaret for å skrive referat frå møta og stå for andre skrivande oppgåver.[1] Dette kan vere innkalling av styret eller medlemmane til møte, brevskriving og all slags skriftleg kontakt med omverda.

I ein del tilfelle vil ein sekretær vere tilsett i organisasjonen, på deltid eller heiltid. Ein sekretær kan i slike tilfelle bli ein sekretær som dagleg leiar. Ein slik sekretær kan i somme tilfelle bli den mektigaste personen i organisasjonen.

Kjelder

endre
  1. Wengstrøm, Simon, «Innledning og rolleavklaring - Styreplan», www.styreplan.no (på norsk), henta 14. april 2025