Seksuell debut viser til første gongen nokon har eit samleie.

I følgje ei undersøking frå Folkehelseinstituttet i Noreg var medianalderen ved første samleie 17,1 år for kvinner og 17,5 år for menn i 2002. I tida frå 1987 til 1997 var han noko høgare, rundt 18 år for menn. 19,5 prosent av menn og 23,5 prosent av kvinner hadde debutert før dei fylte 16 år (seksuell lågalder).[1]

I Storbritannia rapporterte Natsal liknande resultat i 2003. Medianalderen for seksuell debut var 17 år for både menn og kvinner. 27,4 % av menn og 20,4 % mellom 16 og 44 år svarte at dei hadde hatt seksuell debut før dei var 16.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Kristin Straumsheim Grønli (10.7 2003 07:00), Norske sexvaner, forskning.no 
  2. Bob Erens; Sally McManus; Alison Prescott; Julia Field; Anne M Johnson; Kaye Wellings; Kevin A Fenton; Catherine Mercer; Wendy Macdowall; Andrew J Copas; Kiran Nanchahal (April 2003), National Survey of Sexual Attitudes and Lifestyles II (PDF), Natsal, arkivert frå originalen (PDF) 10. mars 2016, henta 13. september 2015 
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.