Selim II av Det osmanske riket

(Omdirigert frå Selim II)

Selim II (28. mai 1524–kring 12. desember 1574) var sultan av Det osmanske riket frå 1566 til han døydde i 1574. Han hadde tilnamnet Sari, 'den blonde'.

Selim II av Det osmanske riket

Sultan av Det osmanske riket
Regjeringstid1566-1574
Fødd28. mai 1524
FødestadIstanbul
Død9. desember 1574
DødsstadIstanbul
GravstadHagia Sofia
FøregangarSuleiman I
EtterfølgjarMurad III
DynastiDet osmanske dynastiet
FarSuleiman I av Det osmanske riket
MorHurrem Sultan
BornMurad III av Det osmanske riket, Şehzade Abdullah, Fatma Sultan, Gevherhan Sultan, Şah Sultan, Esmehan Sultan, Ayşe Sultan

Selim var son av Suleiman den store og Hurrem Sultan. Han hadde vore rekna som ein lite truleg kandidat til trona før fleire av brørne hans døydde: Broren Mehmed døydde av kopar, halvbroeren Mustafa blei kvelt på ordre frå faren, Cihangir døydde av kroniske helseplager, og Bayezid blei drepen på ordre frå faren etter eit opprør mot Selim.

I motsetnad til faren var Selim II rekna som drikkfeldig og uinteressert i politikk. Det var under Selim II at Det osmanske riket tapte slaget ved Lepanto. Ettermælet hans seier blant anna at han ikkje kunne kontrollera janitsjarane sine, og at konene i haremet hans kontrollerte han. Det osmanske riket udner han var likevel mektig, og det var fred i Europa og Asia i store delar av tida. Storvesiren og svigersonen hans Mehmed Sokollu stod for mykje av styret hans.[1]

Selim tok Nurbanu Sultan som konkubine i Konya i 1545. Ho blei seinare opphøgd til haseki sultan, og var mor til etterfølgjaren hans, Murad III.

Selim døydde i 1574 og blei gravlagd i Hagia Sophia.

Kjelder endre

  1. Selim II i Encyclopedia Britannica