Selim I av Det osmanske riket

Selim I (10. oktober 147022. september 1520) var sultan i Det osmanske riket frå 1512 til 1520. Selim I kom til trona ved å få brørne og nevøane sine drepne, på same vis som bestefaren hans Mehmed II.[1] Sjølv om regjeringstida hans berre varte i åtte år, hadde han stor innverknad på omfanget til riket. Som herskar førte Selim eit stort erobringsfelttog i Midtausten, og overvann Mamelukksultanatet, slik at han fekk kontroll over Levanten, Hejaz, Tihamah og sjølve Egypt. Kort tid før han døydde i 1520 dekte Det osmanske riket rundt 3 400 000 km². Det hadde vokse 70 % under han.[1]

Selim I av Det osmanske riket

Osmansk miniatyr av Selim I
Sultan av Det osmanske riket
Regjeringstid1512-1520
Fødd10. oktober 1470
FødestadAmasya
Død22. september 1520
DødsstadÇorlu
GravstadYavuz Selim Mosque
FøregangarBayezid II
EtterfølgjarSuleiman I
Gift medAyşe Hatun, Hafsa Sultan
DynastiDet osmanske dynastiet
FarBayezid II
MorGülbahar Sultan
BornSuleiman I av Det osmanske riket, Hatice Sultan, Şah Sultan, Beyhan Sultan, Hafize Sultan, Fatma Sultan, Şehzade Sultan

I Persarriket sigra han over sjah Ismail I i slaget ved Chaldiran den 23. august 1514. Han erobrar også Armenia, vestre delen av Aserbajdsjan, Kurdistan og Mesopotamia. Deretter vende han seg mot Mamelukksultanatet i Egypt, og slo dei i Syria i 1516. Han inntok så Syria, Palestina og Egypt. Etter slaget ved Heliopolis marsjerte Selim 1517 inn i Kairo.

Ved å anlegga eit arsenal i Konstantinopel grunnla han det osmanske riket som sjømakt og som vernar av dei heilage byane Mekka og Medina tok han tittelen kalif.

Bakgrunn

endre

Selim blei fødd i Amasya rundt 1470 som den yngste sonen til Şehzade Bayezid, den seinare sultanen Bayezid II. Mor hans var Gülbahar Hatun, ei tyrkarprinsesse frå Dulkadirstaten som låg rundt Elbistan i Maraş. Ho var dotter av Alaüddevle Bozkurt Bey, den ellevte herskaren av dulkadirane.[2][3]

Styre

endre

Guvernør

endre

Selim blei utnemnd til guvernør av Trabzon, og oppnådde stor ry blant militæret sitt for kampar mot safavidane, slaveraid og felttog i Kaukasus mot Georgia.[4]

 
Dikt av Selim I

Sultan

endre

Då sultan Bayezid utropte sonen Şehzade Ahmet til tronarving, gjort Selim opprør. Han styrta far sin med hjelp frå janitsjarane i 1512.[5]

Han hadde elles eit stort diktarry, og gav mykje støtte til kunst og vitskap.[5]

Familie

endre

Koner

endre

Søner

endre

Selim hadde minst seks søner:

  • Suleiman den store
  • Şehzade Salih (d. 1499, gravlagd i Gülbahar Hatun-mausoleet i Trabzon)[8]
  • Şehzade Orhan (død før 1521)[9]
  • Şehzade Musa (død før 1521)[9]
  • Şehzade Korkut (død før 1521)[9]
  • Üveys Pasha; uektefødd, guvernør av Jemen.

Døtrer

endre

Selim hadde minst ti døtrer, mellom anna:[9]

  • Fatma Sultan, dotter av Hafsa Sultan. Fyrst gift med Mustafa Pasha, så med Kara Ahmed Pasha og til sist med Hadım Ibrahim Pasha.
  • Hatice Sultan, dotter av Hafsa Sultan. Gift med Kapudan Iskender Pasha i 1509. Ho fekk minst fem søner og tre døtrer.[10]
  • Hafize Hafsa Sultan, kanskje dotter av Hafsa Sultan, gift med Dukakinzade Ahmed Pasha. Ho fekk ein son kalla Sultanzade Osman Pasha som også var kjend som Kara Osman Şah.[11][12]
  • Şah Sultan (gravlagd i Eyüp),[13] gift i 1523 med Lütfi Pasha. Dei fekk minst ei dotter, Esmehan Hanimsultan[11][12]
  • Beyhan Sultan, kanskje dotter av Hafsa Sultan. Married in 1521 to Ferhad Pasha. She had at least one daughter, Esmehan Hanimsultan.[11][12]
  • Gevherhan Sultan, gift i 1509 med fetteren sin Isfendiyaroglu Damad Sultanzade Mehmed Bey (son av Fatma Sultan, dotter av Bayezid II).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Ágoston, Gábor (2009). «Selim I». I Ágoston, Gábor; Bruce Masters. Encyclopedia of the Ottoman Empire. s. 511–3. ISBN 9780816062591. 
  2. Babinger, Franz (1992), Mehmed the Conqueror and His Time, Princeton University Press, s. 57, ISBN 0691010781 
  3. Agoston, Gabor (2011), «The Ottomans: From Frontier Principality to Empire», i Olsen, John Andreas; Gray, Colin S., The Practice of Strategy: From Alexander the Great to the Present, Oxford University Press, s. 116, ISBN 978-0140270563 
  4. Baer, Marc David. The Ottomans: Khans, Caesars and Caliphs. 
  5. 5,0 5,1 Goplen, Ådne (6. desember 2021). «Selim 1.». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Frantz, Sarah S. G.; Selinger, Eric Murphy (10 January 2014). New Approaches to Popular Romance Fiction: Critical Essays (på engelsk). McFarland. s. 24–25. ISBN 978-0-7864-8967-1. 
  7. Ilya V. Zaytsev, The Structure of the Giray Dynasty (15th-16th centuries): Matrimonial and Kinship Relations of the Crimean Khans in Elena Vladimirovna Boĭkova, R. B. Rybakov (ed.), Kinship in the Altaic World: Proceedings of the 48th Permanent International Altaistic Conference, Moscow 10–15 July 2005, p.341
  8. Şen, Zafer. Yavuz Sultan Selim'in Trabzon'da Medfun Bilinmeyen Kızı Kamer Sultan ve oğlu Şehzade Salih. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 A. D. Alderson (1956). The Structure of the Ottoman Dynasty. Government of India: Department of Archaeology. s. Table XXIX. Selim I and his family. 
  10. Turan, Ebru (2009). «The Marriage of Ibrahim Pasha (ca. 1495–1536): The Rise of Sultan Süleyman's Favorite to the Grand Vizierate and the Politics of the Elites in the Early Sixteenth-Century Ottoman Empire». Turcica 41: 3–36. doi:10.2143/TURC.41.0.2049287. 
    • Şahin, Kaya (2013). Empire and Power in the reign of Süleyman: Narrating the Sixteenth-Century Ottoman World. Cambridge University Press. s. 51. ISBN 978-1-107-03442-6. 
    • Peirce, Leslie (2017). Empress of the East: How a European Slave Girl Became Queen of the Ottoman Empire. Basic Books. s. 157. «Muhsine, granddaughter of an illustrious statesman, is now largely accepted as Ibrahim's wife.» 
  11. 11,0 11,1 11,2 Turan, Ebru (2009). The marriage of Ibrahim Pasha (ca. 1495–1536) – The rise of Sultan Süleyman's favourite to the grand vizierate and the politics of the elites in the early sixteenth-century Ottoman Empire. s. 14, 25. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Gök, İlhan (2014). II. Bâyezîd Dönemi İn'âmât Defteri ve Ceyb-i Hümayun Masraf Defteri (Thesis). s. 1464, 1465, 1469. 
  13. Haskan, Mehmet Nermi (2008). Eyüp Sultan Tarihi, Volume 2. Eyüp Belediyesi Kültür Yayınları. s. 535. ISBN 978-9-756-08704-6. 

Litteratur

endre
  •   Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «Selim». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 24 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 606–607. 
  • Holt, P. M. (1967). «Sultan Selim I and the Sudan». Journal of African History 8 (1): 19–23. 
  • Karagoz, Huseyn Mirza (2017). «Alevism in Turkey: Tensions and patterns of migration». I Issa, Tözün. Alevis in Europe: Voices of Migration, Culture and Identity. Routledge. 
  • Mikhail, Alan (2020). God's Shadow: Sultan Selim, His Ottoman Empire, and the Making of the Modern World. Liveright. ISBN 978-1-631-49239-6. 
  • Savory, Roger (2007). Iran Under the Safavids. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0521042512. 
  • Winter, Michael. "The Conquest of Syria and Egypt by Sultan Selim I, According to Evliyâ Çelebi." in The Mamluk-Ottoman Transition: Continuity and Change in Egypt and Bilād Al-Shām in the Sixteenth Century' (2016): 127–46.
  • Necipoğlu, Gülru (2005). The Age of Sinan: Architectural Culture in the Ottoman Empire. London: Reaktion Books. ISBN 978-1-86189-253-9.