Sensonor

Sensonor AS er ein norsk produsent og utviklar av MEMS-gyrosensorar med høg presisjon. Føretaket vart etablert i 2012, då den overtok konkursboet til Sensonor Technologies AS, som vart etablert i 1985 som SensoNor ASA. På 1990-talet var føretaket den største produsenten i verda av krasjsensorar for kollisjonsputer, men mista marknadsdelen mot årtusenskiftet då nyare teknologi tok over. Sensonor Techonologies var vidare ein del av Infineon Technologies frå juni 2003 til 28. februar 2009, då under namnet Infineon Technologies SensoNor AS.[1] I denne perioden var føretaket verdensledende innanfor trykksensormarknaden for bildekk, med ein stor marknadsdel. Etter 2009 har føretaket fokusert på MEMS-gyroar med høg presisjon og stabilitet, med gyroprodukta STIM202, STIM210 og IMUen STIM300.[2][3] Føretaket har 62 tilsette og er lokalisert i Vestfold, med produksjonslokale og kontor både i Horten og på Skoppum. Administrerande direktør er Thomas Bull-Larsen.

Sensonor
Sensonor logo.png
SelskapsformAksjeselskap
Org.nr.998 068 266
Skipa2012/1985
BransjeElektronikk
ProduktSensor og MEMS
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorHorten kommune Sjå dette på Wikidata
StyreleiarKnut Erling Øyehaug
Adm.dir.Thomas Bull-Larsen
Resultat8 mill. NOK (2019)

HistorieEndra

Føretaket vart starta i Horten 1. mars 1985, og baserte seg på kompetanse og kunnskap frå Akers Electronics.[4]

1990-talet hadde føretaket internasjonal suksess med SA20, ein sensor for kollisjonsputesystem. Denne var basert ein piezoresistiv bjelke av silisium.[5] Rundt 35 millionar sensorar vart seld over heile verda, og selskapet hadde 60-70% av marknaden for kollisjonsputesensorar i Europa.[6]

Sensonor mislukkast likevel i utviklinga av kollisjonsputesensoren til neste generasjon, kalla SA30, som til slutt vart oppgjeve.[7] Omsetnaden sokk frå 170 mNOK i 1997 til 50 mNOK i 1999.[8] Dermed hamna føretaket i store økonomiske problem og mykje børsuro. Dette kulminerte i at føretaket i 2003 vart kjøpt opp av den store tyske elektronikk-konsernet Infineon Technologies AG.

Parallelt med utviklinga av SA30 hadde Sensonor òg utvikla ein trykksensor, SP12. Denne var berekna for bruk i TPMS-system, det vil seia overvåkning av lufttrykk i bildekk. I likskap med tidlegare produkt var òg denne basert på piezoresistive motstandar som var implantert i ein silisiumkrystall, men i tillegg var silisiumskiven innkapslet mellom to glasskiver. Det var denne teknologien som gjorde det norske selskapet interessant for Infineon.

Seinare utvikla Sensonor forbetra versjonar, SP30 og SP35. Disse var fram til 2009 hovudprodukta til selskapet, men vert produsert og vert i dag selt av Infineon.

Rundt årtusenskiftet vart det dessutan utvikla ein gyro-sensor, SAR10, som var berekna på bruk i svenske Autolivs tryggleikssystem for sidekollisjonsputer. Denne vart ein suksess og vart produsert i stort mengd.

MEMS-gyroen STIM210 vart nominert til Årets Ingeniørbragd 2011 av Teknisk Ukeblad, og enda til slutt på andreplass etter å ha vunne stemmane til lesarane.[9]

Sensonor vart slege konkurs 17. februar 2012, men konkursbuet vart selt til nye eigarar frå Sveits og Noreg 30. mars same år og verksemda vart starta opp igjen.[10][11]

Dei siste tre åra (2018-2020) har verksemda levert positive resultat.

ReferansarEndra

  1. tu.no, 20. februar 2009: SensoNor igjen på norske hender
  2. sensonor.com, 13. januar 2010: Sensonor announces a breakthrough in MEMS Gyro performance Arkivert 1. februar 2017 på Wayback Machine.
  3. sensonor.com, 24. november 2010: Sensonor launches new Gyro sensor Arkivert 16. juli 2011 på Wayback Machine.
  4. forskning.no, 10. oktober 2002: Mikroelektronikkens Grand old man Arkivert 27. september 2011 på Wayback Machine.
  5. hive.no, 20. februar 2009 «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-24. Henta 10. august 2009. 
  6. hibu.no, 20. februar 2009 «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-24. Henta 10. august 2009. 
  7. etn.se 1. april 2000
  8. forskning.no, 10. oktober 2002: Mikroelektronikkens Grand old man Arkivert 27. september 2011 på Wayback Machine.
  9. http://www.tu.no/teknologibragden/2011/10/31/supergyro-i-lommeformat
  10. tb.no, 17. februar 2012: Teknologibedriften Sensonor konkurs
  11. Gjengangeren.no, 30. mars 2012: Nye eiere på Sensonor

BakgrunnsstoffEndra