Sergej Skripal

Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.

Sergej Viktorovitsj Skripal (fødd 23. juni 1951) er ein tidlegare GRU-offiser som vart dobbeltagent for MI6 på 1990-talet og tidleg 2000-talet. Den som rekrutterte Skripal som dobbeltagent, var MI6-agent, Pablo Miller, som på 90-talet var agent i Tallinn.[1] Skripal vart arrestert av FSB i desember 2004, dømd for landssvik med fengsel i 13 år. I 2010 vart han utveksla med russiske spionar i Storbritannia og vart busett i Salisbury, der han tok opp att venskapet med Pablo Miller[2].

Sergej Skripal
Verkeleg namn Серге́й Ви́кторович Скрипаль
Fødd 23. juni 1951 (70 år)
Kaliningrad
Yrke spion, offiser, Dobbeltagent

Den 4. mars 2018 var han forgifta med nervegifta Novitsjok saman med dottera, som var på vitjing frå Moskva[3][4]Sergei vart kritisk sjuk av forgiftninga, og vart lagt inn på Salisbury distriktsjukehus. Dottera, Julia, kom seg smått om senn, og i april 2018 vart ho utskriven. [5] Sergei sjølv vart utskriven frå sjukehuset 17. mai 2018.[6][7][8]

ReferansarEndra

  1. https://forum.steigan.no/t/den-underlige-saken-med-den-russiske-spionforgiftningen/706
  2. https://forum.steigan.no/t/den-underlige-saken-med-den-russiske-spionforgiftningen/706
  3. https://www.theguardian.com/uk-news/2018/mar/12/russia-highly-likely-to-be-behind-poisoning-of-spy-says-theresa-may%7Caccessdate=13 March 2018|newspaper=The Guardian|date=12 March 2018|language=en}}
  4. Dodd, Vikram; Harding, Luke; MacAskill, Ewen (8 March 2018). «Sergei Skripal: former Russian spy poisoned with nerve gas, say police». The Guardian. Henta 8 March 2018. 
  5. https://sputniknews.com/europe/201803301063057080-yulia-skripal-eat-consciousness/
  6. https://www.nrk.no/urix/sergej-skripal-er-utskrevet-fra-sykehus-1.14051932
  7. http://www.bbc.co.uk/news/uk-43295134%7Cdate=5 March 2018|access-date=8 March 2018|publisher=BBC News|title=Critically ill man 'former Russian spy'}}
  8. «Russian spy: Russia 'has no information' on Sergei Skripal collapse». BBC News. 6 March 2018. Henta 8 March 2018.