Sertavulpasset
Sertavulpasset (tyrkisk Sertavul Geçidi) er ein fjellovergang sentralt i Taurusfjella i Tyrkia på grensa mellom provinsen Mersin og provinsen Karaman på vegen frå Konya over Karaman til kysten av Middelhavet ved Anamur og Silifke.
Sertavulpasset | |||
Sertavul Geçidi | |||
fjellovergang | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen Mersin, provinsen Karaman | ||
Fjellkjede | Taurus fjella | ||
Høgd | 1 660 moh. | ||
Koordinatar | 36°54′57.6″N 33°16′1.20″E / 36.916000°N 33.2670000°E | ||
Gjennomfartsåre | D-715, E90 | ||
Sertavulpasset 36°54′51″N 33°15′58″E / 36.914166666667°N 33.266111111111°E | |||
Kart som viser Sertavulpasset.
|
Landskapet kring overgangen er forskjellig frå mange av dei andre overgangane i Taurusfjella sidan han er relativt flat. Karstlandskapet er dekt av kalksteinsklipper og mange slukhol, og terrenget er generelt vegetasjonsfattig.
Servatulpasset var staden der den tysk-romerske keisar Fredrik I Barbarossa kryssa Taurusfjella under det tredje krosstoget før han drukna i elva Calycadnus (i dag Göksu) i 1190.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sertavul Pass» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sertavul Geçidi, Karaman». Planetware. Arkivert frå originalen 17. oktober 2010. Henta 8. august 2012.