Sesto San Giovanni
Sesto San Giovanni er ein by i provinsen Milano i regionen Lombardia i Italia med om lag 85 000 innbyggjarar.
Sesto San Giovanni | |||
by | |||
Moderne arkitektur i Sesto San Giovanni
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Lombardia | ||
Provins | Milano | ||
Areal | 11,7 km² | ||
Folketal | 78 884 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 20099 | ||
Retningsnummer | 02 | ||
Sesto San Giovanni 45°32′00″N 9°14′00″E / 45.533333333333°N 9.2333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Sesto San Giovanni |
Sesto San Giovanni var lenge berre ei uviktig lita grend, men utover 1800-talet og tidleg på 1900-talet voks han kraftig og fleire industriselskap slo seg ned her som Falck, Campari, Marelli og Breda. I denne perioden steig folketalet frå 5 000 innbyggjarar i 1880 til 14 000 i 1911. Etter den andre verdskrigen flytta mange frå Sør-Italia til Sesto og folketalet auka til 95 000 i 1981. Sesto var lenge kjend som Italia sitt svar på Stalingrad sidan partiet PCI, det italienske kommunistpartiet stod sterkt her.
I 1990-åra vart Sesto San Giovanni råka av ei økonomisk krise og alle dei historiske selskapa la ned kontora sine i byen. Byen klarte å kome seg ut av krisa med å satse på andre industriar enn produksjon av stål og klarte dermed å unngå skjebnen til mange andre stålproduserande byar som Sheffield i England og Flint i Michigan . Arbeidsløysa er låg sidan store selskap har opna kontor i Sesto, som ABB Group, Wind, Impregilo og Oracle Corporation.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sesto San Giovanni» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2007.