Opna hovudmenyen

Seth MacFarlane (fødd 26. oktober 1973) er ein amerikansk teiknefilmskapar som mellom anna har laga Family Guy og American Dad. MacFarlane har arbeidd med animasjon, manus, vore produsent, regissør og stemmeskodespelar for ulike fjernsynsseriar. Han har vunne fleire emmyprisar.

Seth MacFarlane
Seth MacFarlane by Gage Skidmore 5.jpg
Fødd 26. oktober 1973
Kent, Connecticut
Yrke manusforfattar, filmprodusent, fjernsynsskodespelar, songar, TV-regissør, filmregissør, skodespelar, singer-songwriter, stemmeskodespelar, animatør, skribent, komponist, jazzmusikar, journalist, filmskodespelar, programleiar, filmklyppar
Seth MacFarlane på Commons

MacFarlane er fødd i Kent i Connecticut. Han studerte animasjon ved Rhode Island School of Design, der han blei Bachelor of Fine Arts. Bacheloroppgåva hans, ein film kalla The Life of Larry, blei send til Hanna-Barbera, der han seinare blei tilsett.

Ved Hanna-Barbera arbeidde MacFarlane som animatør og forfattar for Cartoon Cartoons-serien til Cartoon Network. Han arbeidde også med seriane Johnny Bravo, Cow and Chicken og Dexter's Laboratory. I tillegg skapte han «Zoomates», eit program for Oh Yeah! CartoonsNickelodeon.

VerklisteEndra

(ufullstendig)

  • Frå 1999: Family Guy (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2005: American Dad! (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2009: The Cleveland Show (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2008: Hellboy II: The Golden Army (stemme)

KjelderEndra

  Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.