Planteslekta siv
planteslekt
(Omdirigert frå Sev)
Siv er ei planteslekt i sivfamilien. Dei fleste artane er fleirårige, eit mindretal er eittårige. Plantane har slette runde strå, ofte med laus merg. Blada er trådsmale og renneforma eller runde, med eller utan ei rekkje knutar. På ein del av artane går støttebladet rett opp som skulle det vere toppen av strået. Blomstrane er brune og sit i kvast eller hovud. Dei dannar ein kapsel med mange frø. Om lag tjue artar veks i Noreg.
Sivslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Sivfamilien Juncaceae |
Slekt: | Sivslekta Juncus L., 1753 |
I daglegtale vert fleire høge plantar som veks i sumpområde kalla siv, til dømes takrøyr.
Sevartar i Noreg
endre- Juncus anceps - svartsiv
- Juncus tenuis - ballastsiv
- Juncus arcticus - finnmarkssiv
- Juncus balticus - sandsiv
- Juncus biglumis - tvillingsiv
- Juncus bufonius - paddesiv
- Juncus bulbosus - sumpsiv (krypsiv)
- Juncus effusus - lyssiv
- Juncus foliosus - jærsiv
- Juncus gerardii - saltsiv
- Juncus inflexus - gråsiv
- Juncus ranarius - froskesiv
- Juncus stygius - nøkkesiv, nykkesiv
- Juncus trifidus - rabbesiv
- Juncus castaneus - kastanjesiv
- Juncus compressus - flatsiv
- Juncus ensifolius - sverdsiv
- Juncus filiformis - trådsiv
- Juncus minutulus - grannsiv
- Juncus squarrosus - heisiv
- Juncus triglumis - trillingsiv
- Juncus acutiflorus - spiss-siv
- Juncus articulatus - ryllsiv
- Juncus conglomeratus - knappsiv
- Juncus bulbosus kochii - dysiv
- Juncus alpinoarticulatus - skogsiv , torvsiv
- Juncus bulbosus bulbosus - krypsiv, vanleg krypsiv
- Juncus gerardii gerardii - sørleg saltsiv, saltsiv
- Juncus castaneus castaneus - fjellkastanjesiv, vanleg kastanjesiv
- Juncus gerardii atrofuscus - nordleg saltsiv
- Juncus triglumis albescens - tundrasiv
- Juncus triglumis triglumis - fjelltrillingsiv, vanleg trillingsiv, trillingsiv
- Juncus castaneus leucochlamys - polarkastanjesiv
- Juncus alpinoarticulatus alpestris - lappskogsiv, nordleg skogsiv
- Juncus alpinoarticulatus rariflorus - stor skogsiv, sørleg skogsiv
- Juncus alpinoarticulatus fischerianus finnskogsiv, finnesiv
Kjelder
endre- Dansk wikipedia.
- Tysk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Søk i Artsdatabanken