Shabana Rehman

norsk komikar og forfattar
(Omdirigert frå Shabana Rehman Gaarder)

Shabana Rehman (14. juli 197629. desember 2022)[1] var ein norsk-pakistansk standupkomikar og avisspaltist.

Shabana Rehman

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1976
Karachi
Død

29. desember 2022 (46 år)
Oslo

Yrke skribent, realitydeltaker
Religion Islam
Ektefelle Dagfinn Nordbø
Shabana Rehman på Commons

Rehman vart fødd i Karachi i Pakistan i 1976, og kom til Noreg i 1977. Ho voks opp i Oslo, og hadde ei ungdomstid prega av vald og overgrep. Rehman starta som spaltist i VG i 1996, debuterte som stand-up-komikar i 1999 og begynte som spaltist i Dagbladet i 2000.

I 2000 vart ho kjend då ho lét Dagbladet trykkje eit nakenbilete av seg, berre påmåla det norske flagget. Endå meir vart ho lagt merke til i 2004, då ho lyfta mulla Krekar på ei scena under eit debattmøte. I 2009 var ho spaltist i Aftenposten.[2]

Shabana Rehman var kjend som Shabana Rehman Gaarder etter at ho i 2008 gifta seg med NRK-journalisten Martin Gaarder. Ho har også vore gift med komikaren Dagfinn Nordbø.[3]

I 2022 fekk ho påvist bukspyttkjertelkreft med spreiing.[4]

Bibliografi endre

  • 2002: , artikkelsamling
  • 2004: Mullaløft, artikkelsamling
  • 2009: Blåveis, sjølvbiografi

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. Alnes, A. & Khorami, A. (29. desember 2022). «Shabana Rehman er død: – Eit enormt stort tap for Noreg». Henta 29. desember 2022. 
  2. Aftenposten: Askepott fra Holmlia
  3. avisa-valdres.no (22. august 2008): Shabana + Martin = sant, besøkt 28. mars 2011
  4. Omland, Ellen (23. august 2022), «Fikk dødsdommen: – Jeg lever dypere enn jeg noensinne har gjort», NRK (på norsk bokmål), henta 24. august 2022 
  5. Det danske Trykkefrihedsselskabets invitasjon til prisutdelingen, arkivert frå originalen 9. september 2006, henta 16. august 2009 
  6. NRK (20. februar 2010). «Fredrikkeprisen til Rehman Gaarder». NRK (på norsk bokmål). Henta 21. september 2020. 
  7. NTB (23. august 2022). «Shabana Rehman får årets Ossietzkypris». Dagsavisen.no (på norsk bokmål). Henta 23. august 2022.