«Shady Grove» er ei folkevise frå Appalachane[1] i USA (Roud 4456)[2] som ein trur oppstod i Aust-Kentucky rundt byrjinga av 1900-talet.[3]

I dei fleste tradisjonelle versjonane er melodien i dorisk toneart, [4] men Bill Monroe-versjonen og seinare bluegrass-versjonar nyttar ein dur-variant.

Det finst mange vers av songen, og dei fleste skildrar om songaren sin kjærleik for ei kvinne som heiter Shady Grove. Det finst variantar av refrenget, som syner til at songaren reiser ein stad (til Harlan, til ein stad kalla Shady Grove eller berre «bort»). Ein av dei mest kjende versjonane av songen høyrer til Charlene Darling and the Darling boys i ein episode av The Andy Griffith Show, spelt av Maggie Peterson and The Dillards.

Melodien minnar om, og er kanskje basert på den engelske balladen «Matty Groves».

Notar endre

 

[5] [6]

Innspelingar endre

Godt over 100 artistar har spelt inn songen. Nokre av dei er:

Kjelder endre

  1. Folk Songs of the Southern Appalachians as Sung by Jean Ritchie (University Press of Kentucky, 2d ed. 1997), p. 34.
  2. «Welcome to the Vaughan Williams Memorial Library». Vwml.org. Henta 31 May 2021. 
  3. «Far in the Mountains : Volumes 3 & 4». Mtrecords.co.uk. Arkivert frå originalen 26. desember 2022. Henta 31 May 2021. 
  4. «List of Common Tunes for Fiddle Hell». Arkivert frå originalen 17. februar 2015. Henta 16. april 2015. 
  5. «mudcat.org lyrics: SHADY GROVE (E minor)». Henta 16. april 2015. 
  6. George, Vincent. «Shady Grove Chords». Folk & Bluegrass Chord Book. Henta 16. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre