Shangqiu (kinesisk: 商丘; pinyin: Shāngqiū) er eit byprefektur aust i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet grensar i nordaust til provinsen Shandong, i søraust til provinsen Anhui. Shangqiu har eit areal på 10 704 km² og hadde i underkant av 7,4 millionar ibuarar i 2010.

Plasseringa av Shangqiu-prefekturet i Henan.

Byprefekturet Shanqiu omfattar to bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn).

Arkeologiske funn viser at byhistoria går tilbake til fyrste del av Shang-dynastiet. Shangqiu var hovudstad for den kinesiske oldtidsstaten Song.

Næring endre

Landbruk er hovudnæring for Shangqiu, som ligg på den nordkinesiske sletta og har grøderik jord og gode vilkår for irrigasjon. Kveite, mais, bomull, sesamfrø, grønsaker, frukt og tobakk er mellom dei viktigaste avlingane, samt avl av livdyr (storfe).

Industrien spelar ei mindre rolle, men har vakse mykje sidan 1990-talet. Næringsmiddelselskapet Kedi er den største eksportøren av frosne grønsaker i Kina. Store førekomstar av kol gjev grunnlag for produksjon av elektrisk kraft og drift av aluminiums-smelteverk.

Samferdsle endre

Den viktige jarnbanelinja Jingjiubanen stoppar her på si ferd frå Beijing til Kowloon i Hongkong. Denne linja går gjennom Hengshui, Heze, Xinzhou, Jiujiang, Nanchang, Heyuan, Huizhou og Shenzhen. Også toga på Longhaibanen, Kinas viktigaste jarnbanelinje i retning aust-vest, stansar i Shangqiu. Longhaibanen går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kinas riksveg 105 går gjennom byen Shangqiu. Denne viktige trafikkåra tek til i Beijing, og går sørover og endar ved kysten i Zhuhai i provinsen Guangdong. Vegen er innom storbyar som Tianjin, Dezhou, Jining, deretter Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou. Dessutan passerer Kinas riksveg 310 gjennom området. Denne vegen tek til i Lianyungang i Jiangsu, fører så vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Han er innom Xuzhou før han passerer Shangqiu og går vidare til Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kjelder endre