Shannontalet, 10120, var det første estimatet av kompleksiteten til sjakk innan spelteori. Det var opphavsmannen til informasjonsteori, Claude Shannon, som rekna ut talet. Han meinte at eit parti sjakk har i gjennomsnitt 40 trekk, og at kvar spelar kan velja mellom rundt 30 moglege trekk. Derfor finst det(30×30)40, eller 90040 moglege sjakkspel. Dette talet er om lag 10120, sidan løysinga på likninga 90040=10x er x=40×log 900.

Kompleksiteten til sjakk er i dag blitt justert opp til om lag 10123. Det er vanleg å samanlikna dette talet med kor mange atom ein reknar med det finst i universet – eit mykje lågare tal, mellom 4×1078 og 6×1079.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra