Sheep

song av Pink Floyd
Sheep
Song av Pink Floyd
frå albumet Animals
Utgjeve 23. januar 1977 (Storbritannia)
2. februar 1977 (USA)
Innspelt April – mai og juli 1976
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 10:20
Selskap Harvest (Storbritannia)
Columbia/CBS (USA)
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd

«Sheep» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut på albumet Animals i 1977. Songen hadde opphav attende til 1974 under tittelen «Raving and Drooling». Han vart skriven av bassisten Roger Waters.

Historie endre

Under turneen deira i 1974 framførte Pink Floyd tre nye songar i første halvdelen av konsertane, etterfølgd av heile The Dark Side of the Moon. Desse tre nye songane var «You've Got to Be Crazy» (som seinare vart «Dogs»), «Shine On You Crazy Diamond» og «Raving and Drooling» (som seinare vart «Sheep»).

Under framføringane av «Raving and Drooling», vart innspelingar av ein DJ frå BBC Radio kalla Jimmy Young spelt etter at opptaket vart kutta opp og spreidd rundt tilfeldig. Dette var Roger Waters sin idé om ein mann som var «raving and drooling» (eller var galen). Teksten var på dette tidspunktet ganske forskjellig frå det som vart «Sheep».[1]

«Raving and Drooling» var opphavleg ein meir jam-basert song. Grunnmotivet var alt på plass - der ein lang note frå vokalisten (Waters) vart krysstona inn i den same noten på ein synthesizer. Waters hadde enno ikkje skrive seksjonane som repeterer F♯7 og A7 (som «You better watch out! There may be dogs about» og så vidare), så desse partia, som heilt tydeleg var ein del av songstrukturen, vart framførte instrumentalt.

Både «You've Got to Be Crazy» og «Raving and Drooling» var opphavleg planlgt for albumet dei skulle spele inn etter turneen (Wish You Were Here), men planane vart endra og dei enda begge opp i anna form på Animals. I november 2011 vart begge versjonane av spora spelte frå Wembley offisielt gjevne ut som ein del av Experience- og Immersion-versjonane av albumet Wish You Were Here.

På konsertversjonane i 1977 spelte andregitaristen Snowy White bassgitar sidan Waters spelte elektrisk gitar i lag med David Gilmour. Framføringa var nesten heilt lik albumversjonen, bortsett frå at han hadde ein meir langsam avslutning med ein orgelsolo av Richard Wright.

Innspeling endre

Songen vart spelt inn i april, mai og juni 1976 i bandet sitt Britannia Row Studios i Islington i London.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «What were the original lyrics to Animals?». Ingsoc.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 4. juli 2019.