Sheffield er ein by og ei de facto sameint styresmakt i South Yorkshire i England. Sjølve byen har ein folkesetnad på i overkant av ein halv million menneske, men med forstader bur det omkring 1,2 millionar der. Han er dermed blant dei ti største byane i England.

Sheffield
City of Sheffield

Rådhuset
Rådhuset
Rådhuset
Byvåpenet til Sheffield
Byvåpenet til Sheffield
Byvåpenet til Sheffield
Kallenamn
«Steel City»
Motto
«Deo Adjuvante Labor Proficit»
(Med Guds hjelp er arbeidet vårt suksessfylt)
Plassering
Sheffield is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Sameint styresmakt
Seremonielt grevskap South Yorkshire
Grunnlagd 700-talet
Borgarmeister Alan Law
Geografi
Flatevidd
 - By

367,94 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

534 500
  1 452,7 /km²
640 720
1 292 900
Koordinatar 53°23′01″N 1°28′01″W / 53.38361°N 1.46694°W / 53.38361; -1.46694
Diverse annan informasjon
Postnummer S
Telefon-retningsnummer 0114
Nettstad: www.sheffield.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Sheffield

Det er mykje landsbygd som ligg innanfor bygrensa, og omkring ein tredjedel av området høyrer til Peak District nasjonalpark. Sheffield er den einaste engelske byen med status som city som har ein nasjonalpark innanfor bygrensa. Han blir rekna som ein av dei grønaste byane i England, med 150 skogområde og 50 offentlege parkar.

Dagens grenser vart fastlagt i 1974, då det gamle distriktet Sheffield vart slått saman med Stocksbridge bydistrikt og Wortley landdistrikt.

Historie endre

Det har vore busetjingar i området heilt sidan istida, men første landsbyane som Sheffield voks fram frå vart grunnlagt i angelsaksisk tid. Etter normannarane erobra England i 1066 vart det bygd eit slott der for å kontrollere folkesetnaden, og ein liten by byrja å utvikle seg rundt dette.

1300-talet hadde byen vorte kjent for knivproduksjon, og byrja å vekse. Innan 1600 hadde han vorte den største kniv- og bestikkprodusenten i England. I 1740-åra vart det utvikla ein ny prosess for stålproduksjon, og denne gav stål av langt betre kvalitet. Ein kom samstundes fram til ein metode for å lage sølvplett. Dette førte til at Sheffield under den industrielle revolusjonen opplevde enorm vekst, både økonomisk og i folketal. Han vart ein valkrets i 1842 og fekk status som city i 1893.

Idrett endre

Den første offisielle fotballklubben i verda, Sheffield FC, vart grunnlagt i 1855. Innan 1860 var det heile femten fotballklubbar i byen. Det er no to klubbar i The Football League: Sheffield United FC og Sheffield Wednesday FC.

Transport endre

Sheffield har eit trikkenettverk kalla Supertram.

Andre stader i distriktet endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sheffield
  Reiseguide for Sheffield frå Wikivoyage