Shir Khan Bandar

(Omdirigert frå Sher Khan Bandar)

Shir Khan Bandar eller Sher Khan Bandar er ein tettstad i Kunduz-provinsen i Afghanistan. Han ligg ved Panj-elva, som dannar grense til Tadsjikistan. Sidan ei ny bru over grenseelva opna i 2007 har Shir Khan Bandar blitt den viktigaste grenseovergangen mellom Afghanistan og Tadsjikistan.[1]

Shir Khan Bandar
Afghan border crossing at Sher Khan in Kunduz Province-4-cropped.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Region Kunduz
Del av grensa mellom Afghanistan og Tadsjikistan

Shir Khan Bandar
37°10′0″ N 68°25′0″ E
Wikimedia Commons: Sher Khan Border Crossing

Shir Khan Bandar er ein grenseby og ei elvehamn ved Panj-elva. Tidlegare var han kjend som Qezel Qal'eh. Det nye namnet kom frå Sher Khan Nashir, som var khan for kharotistammen og guvernør for Kunduz-regionen på 1930-talet.

Byen byrja veksa etter 2000, særleg etter at brua over Panj mellom Afghnaistan og Tadsjikistan blei fullført i 2007. Dette auka handelen mellom Afghanistan og Sentral-Asia med så mykje som 400 lastebilar som kom til Shir Khan Bandar kvar dag, til fordel for lokale forretningsfolk.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «As Trade Is Rerouted, a Border Town Booms». Yaroslav Trofimov. The Wall Street Journal. 11. juni 2012. Henta 8. oktober 2012.