Sherman Island

Sherman Island er ei isdekt øy i Antarktis som er kring 51 km lang og 16 km brei, og som ligg sør for Thurston Island i midten av Peacock Sound. Øya stig opp av Abbot isbrem som dekkjer heile sundet.

Sherman Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 72°40′S 99°45′W
Lengd 51 km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten

Sherman Island
72°40′0″ S 99°45′0″ W
Sherman Island is located in Antarktis
Sherman Island (Antarktis)

Ho vart kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operation Highjump i desember 1946. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter admiral Forrest Sherman, USN, som var generalinspektør for sjøforsvaret, 1949-51, då det vart gjort førebuingar for U.S. Naval Support i samband med operasjonar under Det internasjonale geofysiske året (IGY).

Sjå ògEndra

KjelderEndra