Shirley Owens

amerikansk songar

Shirley Alston Reeves (fødd 10. juni 1941), betre kjend som Shirley Owens, er ei USA-amerikansk soulsongarinne som var frontkvinne jentegruppa The Shirelles. I tillegg til Owens, bestod gruppa av klassevenene hennar frå Passaic High School i New Jersey: Doris Kenner Jackson, Addie «Micki» Harris og Beverly Lee. Etter ho gifta seg vart ho Shirley Alston og seinare Shirley Alston Reeves. Den kraftige, særprega røysta hennar gjorde ho til det naturlege valet som førstevokalist i gruppa, sjølv om Jackson stundom song solo òg. Neven hennar, Gerald Alston, er frontmann i The Manhattans.

Shirley Owens

Fødd10. juni 1941 (82 år)
FødestadHenderson i Nord-Carolina i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1958
SjangerR&B, pop, soul
InstrumentSong
PlateselskapDecca, Scepter, Bell, RCA, Prodigal
Verka somsongar

Reeves hadde ei rekkje hittar med The Shirelles tidleg i 1960-åraa. Ho slutta i gruppa i 1975 for å satse på ein solokarriere, først under namnet «Lady Rose». Same året spelte ho inn albumet With A Little Help From My Friends, etter hitsongen til The Beatles, med medlemmar frå The Flamingos, The Drifters, Shep and the Limelites, The Five Satins, The Belmonts, Danny & the Juniors, Herman's Hermits og La La Brooks frå The Crystals.[1]

The Shirelles vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996.[2]

Kjelder endre

  1. ClassicBands.com. «The Shirelles». ClassicBands.com. Henta 23. februar 2018. 
  2. Hinckley, David (17. januar 1996). «The Kids In The Hall From Gladys Knight To David Bowie, Rock And Roll Museum Comes Of Age With Lesser Stars Making The Honor Roll In '96». New York Daily News. Arkivert frå originalen 24. februar 2018. Henta 23. februar 2018.