Sibirtatarar

(Omdirigert frå Sibirske tatarar)

Sibirtatarar (себер татарлары) er ei gruppe urfolk frå Sibir, ei gruppe tatarar som historisk har budd i skogar og på stepper sør i Sibir frå noko aust for Uralfjella til Jenisejelva i Russland. Språket deira er sibirtatarsk. Sibirtatarane kallar seg sjølv Yerle Qalyq ('eldre innbyggjarar'), til skilnad frå volgatatarar, som har kome til området meir nyleg.[1]

Flagg for sibirstatarar

Ifølgje folketeljinga frå 2002 budde det rundt 500 000 tatarar i Sibir, men berre 9 611 av desse var sibirtatarar. Minst 400 000 var etniske volgatatarar, ei gruppe som stammar frå Volga-Ural og som slo seg ned i Sibir i koloniseringsperiodar.[2]

Kjelder endre

  1. Bennigsen, Alexandre; Wimbush, S. Enders (1986). «The Siberian Tatars». Muslims of the Soviet Empire : A Guide. Bloomington, IN: Indiana University Press. s. 231–232. ISBN 0-253-33958-8. 
  2. «Siberian Tatars». Arkivert frå originalen 27. februar 2002. 
  Denne samfunnsartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.