Sicán

(Omdirigert frå Sican)

Sicán er rekna som ein regional kulturell stilart som blomstra opp i Lambayeque-regionen i Peru etter at Moche braut saman kring år 700750. Perioden heldt fram til år 1350chimúsivilisasjonen erobra området. Sicán vert igjen delt inn i 3 periodar — tidleg, mellom og sein, der mellomperioden er kring år 9001100. Batán Grande var det viktigaste senteret i mellomperioden.

Kunst frå Sicán var ofte av ein religiøs karakter. Eit sentralt designelement frå mellomperioden er Sicán-herren som ein finn i keramikk.

Kjelde

endre
  • Michael E. Moseley: The Incas and their ancestors, Thames and Hudson (1992)
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.