Siciliansk opning

Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Diagram 1: Etter 1.e4 c5

Siciliansk opning eller Siciliansk forsvar er ei sjakkopning som er karakterisert av opningstrekka 1.e4 c5 (diagram 1). Siciliansk er ei svært populær opning på alle nivå. Svart sitt svartrekk 1...c5 er eit av dei mest aggressive som finst mot kvit sitt 1.e4 (kongebondeopning). Opninga fører gjerne til skarpt, taktisk spel. Det er ei opning det har blitt skrive mykje opningsteori om.

Ved å spele 1...c5 tar svart opp kampen om det viktige sentrumsfeltet d4. Det gjer også 1...e5, men ved å spele 1...c5 i staden for 1...e5, blir stillinga asymmetrisk. Svart planlegg å spele ... cxd4 så snart kvit spelar sin d-bonde til d4. Med dette oppnår svart ei overvekt av bønder i sentrum og ei halvopa c-line, gjerne med utsikter til eit bra sluttspel. Kvit oppnår ein viss terrengfordel, eit visst utviklingsforsprang, fritt spel for sine offiserar og ei halvopa d-line. Kvit satsar ofte på eit angrep på kongefløya, medan svart satser på eit motangrep på dronningfløya.

Variantar endre

 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Diagram 2: Etter 1.e4 c5 2.Sf3 d6
 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Diagram 3: Etter 1.e4 c5 2.Sf3 Sc6

Open siciliansk: 2.Sf3 endre

Det finst eit stort tal variantar av siciliansk. Dei vanlegaste startar med 2.Sf3 (i ca 81,3 % av tilfella) frå kvit.

Variantar med 2...d6 endre

  • 1.e4 c5 2.Sf3 d6 (diagram 2) 3.d4 cxd4 4.Sxd4 Sf6 5.Sc3
    • 5...g6 fører til den såkalla drakevarianten. Svart planlegg løparutvikling til g7 der løparen står på ein lang diagonal. «Draken» viser til den slangeaktige fasongen på dei svarte bøndene med ein løpar som sprutar eld på g7.
    • 5...a6 fører til Najdorf-varianten, oppkalla etter den polske, seinare argentinske stormeisteren Miguel Najdorf. 5...a6 hindrar kvit i å plassere ein offiser på b5, i tillegg planlegg svart å ekspandere på dronningfløya med eit bondeframstøyt til b5.
    • 5...e6 fører til Scheveningen-varianten, svart tar på seg ei noko trong men solid stilling, og oppnår også rask utvikling.
    • 5...Sc6 fører til klassisk siciliansk, ein av dei sunnaste variantane av siciliansk. Svart legg vekt på rask utvikling, og får den andre springaren sin til eit naturleg felt.

Eit vanleg alternativ til 3.d4 er Moskva-varianten 3.Lb5+. Dette kan ofte føre til avbyte på c6 eller d7, alt etter kva offiser svart set mellom, og ei noko forenkla stilling.

Variantar med 2...Sc6 endre

  • 1.e4 c5 2.Sf3 Sc6 (diagram 3) 3.d4 cxd4 4.Sxd4 Sf6 5.Sc3
    • Her fører 5...d6 tilbake til klassisk siciliansk, mens 5...e6 fører til Scheveningen-varianten.
    • 5...e5 er den skarpe Svesjnikov-varianten. Svart tar friviljug på seg ein etterhengande bonde i d-lina for å oppnå albogerom i sentrum, drive den kvite springaren rundt og få rask utvikling av offiserane.

Svart kan i det fjerde trekket sitt spele 4...e5 som fører til Kalasjnikov-varianten, som naturlegvis liknar ein del på Svesjnikov-varianten. Det er også mogleg å spele 4...g6 som fører til «akselerert drage». Viss kvit ønskjer å unngå hovudvariantane finst bl.a. trekka 3.Sc3 og 3.Lb5.

Variantar med 2...e6 endre

  • 1.e4 c5 2.Sf3 e6 3.d4 cxd4 4.Sxd4
    • Viss svart no spelar 4...Sf6, brukar partiet å gå over til Scheveningen.
    • 4...Sc6 fører til Taimanov-varianten, oppkalla etter Mark Taimanov. Svart oppnår ei rask utvikling, men kvit kan oppnå terrengfordel med eit bondeframstøyt til c4.
    • 4...a6 fører til Paulsen-varianten, som hindrar den kvite springeren frå å hoppe til b5.

Andre variantar endre

Etter 1.e4 c5 2.Sf3 er det tre andre variantar som ikkje blir spelt så ofte, men som blir rekna for spelbare.

  • 2...g6 fører til «hyperakselerert drage»
  • 2...a6 fører til O'Kelly-varianten, svart tar b5-feltet, men hamnar i staden noko etter i utvikling.
  • 2...Sf6 fører til Nimzovitsj-varianten. Svart tillet kvit å jage springaren med 3...e5, og varianten liknar ein del på Alekhines forsvar.

Anti-siciliansk endre

 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Diagram 4: Etter 1.e4 c5 2.c3 (Alapin-varianten)

Viss kvit ikkje vil spele hovudvariantane med 2.Sf3, kan han spele dei meir rolege trekka

  • 2.c3 (Alapin-varianten, diagram 4) som planlegg eit bondeframstøyt til d4 støtta av bonden på c3, og
  • 2.Sc3 (lukka sicilansk) som fører til posisjonelle stillingar der kvit som regel speler sin d-bonde til d3.

To gambitar blir også spela frå tid til anna:

  • 2.d4 (Morragambit) og
  • 2.b4 (fløygambit).

Kjelder endre