Sigdskeiand

art av andefuglar
Sigdskeiand
Sigdskeiand
Sigdskeiand
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Anserimorphae
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Spatula
Art: Sigdskeiand S. rhynchotis
Vitskapleg namn
Spatula rhynchotis

Sigdskeiand (Spatula rhynchotis, tidlegare Anas rhynchotis) er ei mellomstor grasand i Anas-slekta som har leveområde søraustlege Australia og på New Zealand.

Sigdskeiand, hannfugl.
Foto: DickDaniels

Skildring endre

Sigdskeiender har eit karakteristisk stort, grått, spatelforma nebb. Som vanleg for Anas-endene viser dei kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og fjørdrakta åt andriken endrar seg vesentleg mellom eklipsdrakta og praktdrakta. I praktdrakt syner han blågrått farga hovud, ei kvit vertikal stripe mot nebbrota, og gyldent auge. Brystet er lyst med mørkebrune flekker. Bakkanten av kroppsida har ein kvit flekk. Hannar i eklipsdrakta er bleikare og liknar hofuglar. Hoa er jamt brunspraklete med litt bleikare nebb. er mørk brun, med markerte mørke striper på eit bleikt hovud, nebbet er grått. I flukt viser begge kjønn eit grønt vengespegl, speculum, samt eit breit gråblått band på framvengen. Kroppslengda er gjennomsnittleg 49 centimeter og hannar veg ca. 650 gram, hofuglar litt mindre.

Dei føretrekk habitat i grunne innsjøar i låglandet og treffast òg i estuar.

Føda er først og fremst små, akvatiske plantar, og frø og dyreplankton som dei siler ut frå vatnet. Dei tar og store virvellause dyr som biller og ferskvasssniglar.

Egglegging skjer frå oktober til januar. Kullet er typisk 11 egg som hoa rugar i ca. 25 dagar. Ungane er dunkledde i mørkebrunt ved klekking og flygedyktige etter ca. 50–60 dagar.

Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 150 000 individ på 1980-talet, og er rekna å vere stabil.

Kjelder endre

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005.
Referansar

Bakgrunnsstoff endre