Signalhandsaming er eit omfattande fagfelt der ein analyserer og handsamar alle tenkjelege former for signal.

Signalhandsaming i samband med telekommunikasjon.

Ein skil mellom analog signalhandsaming og digital signalhandsaming. Innan analog signalhandsaming studerer ein signal som har kontinuerleg variabel amplitude og som oftast òg er kontinuerlege i tid, medan digitale signal er kvantiserte både i tid og amplitude. Det finst ei mellomgruppe, der amplituden er kontinuerleg variabel, men med kvantisert tidsakse, som til dømes svitsja kondensatorfiltre.

I døme i figuren omformar ein mikrofon (transduser) lydbølgjene til eit elektrisk spenning, som så vert omforma til ein tidsdiskret sekvens av binærtal av ein analog-til-digital-omformar, som vert vidare omforma til ein bitsekvens, som vert koda og overført over ein kommunikasjonskanal i form av ei elektromagnetisk bølgje. I mottaleren vert den elektromagnetiske bølgja forsterka og dekoda til ein sekvens av binærtal, som så vert omforma til ei elektrisk spenning i ein digital til analog-omformar. Dette signalet vert så forsterka og nytta for å driva ein høgtalar (transducer), som omformar inngangsspenninga til ei lydbølgje som når øyro til ein eller fleire personar.

Signalhandsaming er ein teknologi som inngår i mange samanhengar, som telekommunikasjon, audioteknologi, radar, sonar, bilete og videohandsaming og så vidare. Utstyr som mobiltelefonar, bilar, fly og satelittar er fullpakka av ulike former for signalhandsaming.

Sjå ògEndra