Signe Lund

norsk musikar

Signe Lund, òg omtalt som Signe Lund-Skabo, (15. april 1868 Kristiania–6. april 1950) var ein norsk pianist og komponist.[1] Ho er kjend frå rundt seksti opus-nummer og spesielt stykka Legende som ho skreiv under eit opphald i Tyskland, og Fredsklokker som ho skreiv i New York City 1918.[2]

Signe Lund

Fødd15. april 1868
FødestadChristiania
Død6. april 1950 (81 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somkomponist, musikkpedagog, pianist
PrisarKongens fortenestmedalje, Kunstnarløn

Liv og arbeid endre

Signe Lund var av Lund-familien i Farsund, dotter av Bergens-komponisten Birgit Lund (1843–1913) og syster til malaren Henrik Lund (1879–1935). Talentet hennar vart lagd merke til av familievenen Edvard Grieg og Johan Svendsen som rådde til utdanning, nok ho fekk under Iver Holtar, Erika Nissen, Per Winge og W. Berger, og ved Musikkonservatoriet i Oslo (1896).

Ho var gift med legen Jørgen Skabo og seinare med den franske arkitekten George Robard. Signe Lund var busett i New York frå 1902 til 1918 der ho var aktiv i det amerikanske sosialistiske partiet Non-partisan League[3] og dessutan aktiv innanfor kvinnerørsla. Ho var ein kjenning av Fridtjof Nansen og vart tildelt Nansenpass i 1919.[4]

Ho møtte Sergej Rakhmaninov og kom godt overeins med han. Dei to sønene hennar kjempa på amerikansk side i den fyrste verdskrigen. Då kyrkjeklokkene i New York tok til å kima i november 1918 for å markera fredsavtala, sette ho seg ned og spelte med. Slik vart klaverstykket Fredsklokker til.[5]

Lund mottok Kongens fortenestemedalje i gull for bidraget sitt til styrking av tilhøvet USA-Noreg. Ho var på reise i Wien då ho fekk tilbode «Lundhuset» i Loshavn til ein overkommeleg pris, og budde der i periodar frå 1929 saman med hushaldaren Kirsten Heggen.[6]

 
Signe Lund sin sjølvbiografi Sol gjennem skyer utgitt i 1944.[7] Under andre verdskrigen var ho aktiv medlem av Nasjonal Samling, og opplaget skal ha vorte makulert etter krigen. Portretteikningen er utført av broren Henrik Lund i 1908.

Ho var medlem av Nasjonal Samling frå 1935 til 1945 og mottok kunstnarløn 1942–45, og skreiv komposisjonen Føraren kallar i 1943.[8] Etter krigen vart ho frådømt røysteretten for ein periode og ekskludert frå Norsk Komponistsamskipnad som ho sjølv hadde vore med å starta opp.[9]

I 60-årsalderen drog ho til Wien for å læra seg tolvtoneteknikken.[10]

Etter krigen budde ho på ein gard i Krødsherad i nokre år il ho døyde i Oslo i 1950.[11]

Ettermæle endre

Hennar sjølvbiografi Sol gjennem skyer, livserindringer kom ut i 1944, men opplaget vart makulert 1945.[7][11] I andre bind, som kom ut att i 2013, forklarar Lund sjølv at ho fekk løyve til å gje ut Sol Gjennem Skyer II på eige forlag. For henne representerte den tyske okkupasjonsmakta ein heider av ein kunstnarskap ho alltid hadde kjempa for. Det var først under krigen ho vart tilstådd kunstnarløn.[12]

Ein biografi om livet hennar var Signe Lund – menneske og musiker av Birgit Eika (hovedfagsoppgave, Universitetet i Oslo, 1983).

Utgjevinga Arietta av Kjell Bækkelund (1994) inneheld hennar Skumring. I 1936 oppførte Oslo-filharmonien med Olav Kielland som dirigent verket hennar Hvem er du med de tusinde navne, for kor, solist og orkester (tekst Bjørnstjerne Bjørnson), og til 60-årsdagen hennar i 1928 gav det same orkesteret, dirigert av Hugo Kramm, ein konsert i Universitetets aula med hennar verk. I 2010 vart Lund-dagane skipa i Farsund. Sopranen Birgitte Ekle (Trondheim) og pianisten Atsko Kogure (Wien) gav ein konsert med songar av komponisten; seinare spelte dei inn ein CD med tittelen 14 sanger av Signe Lund.

Pianisten Rune Alver har spelt inn 22 klaverstykke av Signe Lund. At det har vore taust om henne, er direkte knytt til æresoppgjøret etter krigen, for ho var mykje spelt i tiåra før. Edvard Grieg hadde sagt: «Dette må være medfødt.»[treng kjelde]

Bibliografi endre

Kjelder endre

  1. Artistside[daud lenkje], frå Norsk Musikkinformasjon
  2. «NRK.no - Sånn er livet», www.nrk.no, henta 20. november 2021 
  3. Robert L. Morlan, Political Prairie Fire: The Nonpartisan League (s. 15) «the ardent Socialist, Mrs Signe Lund»
  4. Konsertforedrag om Signe Lund
  5. [1] Kjetil Kopren Ullebø: «Han har spilt inn verk av komponisten Norge skulle glemme», Bergens Tidende 1. juli 2020
  6. Verdensvant kvinne
  7. 7,0 7,1 Søkbar utgave av Sol gjennem skyer i bokhylla.no
  8. Spilt på Troldhaugen, Bergensavisen 4. november 2015
  9. «Å bli fjernet fra historien» (på engelsk). Henta 3. mai 2021. 
  10. [2] Kjetil Kopren Ullebø: «Han har spilt inn verk av komponisten Norge skulle glemme», Bergens Tidende 1. juli 2020
  11. 11,0 11,1 Magasinet s. 16, vedlegg til Dagbladet 23. april 2016
  12. Spilt på Troldhaugen, Bergensavisen 4. november 2015

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Signe Lund