Signy-stasjonen
Signy-stasjonen er ein forskingsbase i Antarktis på Signy Island, driven av British Antarctic Survey.
Signy-stasjonen | |||
stasjon | |||
Signy-stasjonen i 2006
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Signy Island | ||
- koordinatar | 60°43′S 45°36′W / 60.717°S 45.600°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Signy-stasjonen 60°43′00″S 45°36′00″W / 60.7167°S 45.6°W | |||
Wikimedia Commons: Signy Station |
Historie
endreSigny opna i 1947 då ein vêrstasjon vart sett opp i Factory Cove oppom den gamle kvalstasjonen.[1] Han vart den andre forskingsbasen på Sør-Orknøyane (etter den argentinsk Orcadas-basen i 1903). I 1955 vart hytta Tønsberg House bygd der kvalstasjonen låg. I 1963 vart han omgjort til eit laboratorium for biologisk forsking. I starten vart han driven året rundt, men sidan 1995 har han vore ein sommarstasjon open frå november til april kvart år.
Anlegg
endreI dag består basen av fire bygningar med kapasitet for åtte personar.[1] Hovudbygningen, Sorlle House (kalla opp etter kvalfangstkapteinen som gav namn til Signy Island) vert nytta til bustadhus og laboratorium. Dei andre bygningane er for lager, energi og vatn. Det er òg fire små hytter kring øya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Signy Research Station» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Signy-stasjonen». British Antarctic Survey. Arkivert frå originalen 8. mars 2014. Henta 18. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- British Antarctic Survey
- BAS om Signy-stasjonen Arkivert 2014-03-08 ved Wayback Machine.
- Bilete av Signy-stasjonen Arkivert 2014-03-19 ved Wayback Machine.
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.