Sigrid Sundby

norsk skeiseløpar

Sigrid Milfrid Sundby, gift Sundby-Dybedahl, (13. juli 194224. juli 1977) var ein norsk skeiseløpar frå Rakkestad. Ho vart norsk firkampmeister ni gongar og sprintmeister to gongar. I 1970 tok ho tredjeplassen under Skeise-VM i West Allis. Sundby var medlem i Rakkestad Idrettsforening til 1963, seinare Arbeidernes Skøyteklubb i Oslo.

Sigrid Sundby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1942
Rakkestad
Død

24. juli 1977

Idrett lengdeløp på skeiser
Yrke skøyteløpar

Sundby var Noregs beste kvinnelege skeiseløpar i ein tiårsperiode, dei siste sesongane i konkurranse med Lisbeth Berg. Ho vart norsk meister årleg i perioden 1963 til 1970, og atter i 1973. I 1972 og -73 sigra ho også i den nasjonale sprintmeisterskapen. Gjennom åra sette ho 17 norske rekordar, fordelt over alle distansane.

Sundby hevda seg på tre av distanseøvingane under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble, der ho vart nummer fire på 1500 m og seks både på 500 m og 1000 m. Under verdsmeisterskapen i firkamp i West Allis i 1970 tok ho tredjeplassen, slått einast av dei nederlandske utøvarane Atje Keulen-Deelstra og Stien Kaiser. I sprint-VM vart ho som best nummer fire.

Sundby-Dybedahl la opp etter 1976-sesongen. Åre etter døydde ho i Oslo av kreft, 35 år gammal.

KjelderEndra