Sigurd Køhn

Sigurd Eystein Køhn (6. august 195926. desember 2004) var ein norsk saksofonist fødd i Kristiansand. Han er kjend frå gruppene The Real Thing, Lava – som mottok Spellemannprisen i 1984 – og The Heavy Gentlemen med Knut Reiersrud og Paolo Vinnaccia.

Sigurd Køhn
Sigurd Koohn1.jpg
Fødd6. august 1959
FødestadKristiansand
Død26. desember 2004 (45 år)
DødsstadKhao Lak
OpphavNoreg
Sjangerjazz, moderne R&B
Instrumentsaksofon
Verka somkomponist, jazzmusikar, saksofonist

Han har òg samarbeidd med mellom anna a-ha, Mulen Portland Combo, Dag Andersen og Jarle Vespestad, gjeve ut eit soloalbum, og turnert med sin eigen kvartett Sigurd Køhn Kvartett.

Sigurd Køhn og den 16 år gamle sonen hans omkom i flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia i 2004 då dei ferierte i Thailand. Køhn vart 45 år gamal.