Sigurd Kolsrud

Sigurd Kolsrud (18881957) var ein norsk filolog og målføregranskar som verka som professor ved Universitetet i Oslo i over tretti år (1923-1957).

Sigurd Kolsrud
Fødd31. oktober 1888
Østre Toten
Død10. desember 1957
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnKnut Kolsrud, Marius Kolsrud

Kolsrud var fødd på Østre-Toten, og var bror til kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud.

Den første arbeidsplassen til Kolsrud var Riksarkivet, og han heldt fram med å dyrke dei arkivariske interessene sine da han fekk skipa Norsk Målførearkiv i 1936. Samstundes var han ein av dei første styrarane av Norsk Ordbok.

Som professor i nynorsk skreiv han om norske målføre, særleg på Austlandet, og gav ut kjeldeskrifter til målsoga og kultursoga elles.

Det har vorte innvendt at Kolsrud var noko av ein tradisjonalist og at han hadde eit konservativt fagleg syn. Dette blir mellom anna brukt til å forklare kvifor det junggrammatiske teorigrunnlaget fekk eit lengre liv innanfor den norske målføregranskinga enn det gjorde i mange andre land.

LitteraturEndra

  • Maal og maalgransking (1922)
  • Nynorsken i sine målføre (1951)
  • Målet i Sørum (1961)
Om han
  • Kjell Venås. Sigurd Kolsrud. (2005)