Sigurd Nome

norsk bilethoggar

Sigurd Nome (16. november 191123. november 1979) var ein norsk skulptør frå Øyslebø i Vest-Agder. Teologen John Nome var ein eldre bror.

Sigurd Nome
Sigurd Nome IKL.jpg
Fødd 16. november 1911
Øyslebø
Død

23. november 1979 (68 år)
Oslo

Yrke bilethoggar
Sigurd Nome på Commons


Nome var frå 1935 til -37 elev hos Wilhelm Rasmussen. Sidan forma han i 1945 «Rormannen» til Oslo rådhus i granitt, bronsearbeida «Gardisten» (1947) i Husebyleiren i Oslo og krigsminnesmerket «Viljen til fred og frihet» (1948) i Mandal. Statuetten «Lyrikeren» i terrakotta frå 1949 er i Nasjonalgalleriet i Oslo. I 1971 vart statuen hans av Hans Nielsen Hauge reist i Uranienborgparken i Oslo. Ei samling Nome-skulpturar er utstilt på Høgtun Kultursenter i Marnardal kommune.

Nome nytta vekselvis både stein, terrakotta og bronse i arbeida sine. Han prøvde seg òg fram med sement og laga i det materialet nokre hageskulpturar av born og dyr.

KjelderEndra